Årdal: Klokka 11:06 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Naddvik i Årdal. Ein bil hadde køyrt av vegen og låg på sida.
– Det var fem personar i bilen. Alle er ute av bilen og ingen skal vera skada, skriv politiet på Twitter.
Det skal vera glatt veg på staden.
Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.