Bil stod på vippen til å rasa utfor

Bil stod på vippen til å rasa utfor

Folk heldt i bilen i påvente av politi og brannvesen.

Aurland: Ein bil kom for langt ut då den møtte ein annan bil i nærleiken av Stegasteinen på Aurlandsfjellet. Bilen står på vippen til å rasa utfor. Alle personar er ute av bilen, men dei held tak i den i påvente av brannvesen og politi, melder Politiet i Sogn og Fjordane på Twitter rett før klokka 1630 måndag ettermiddag.

Oppdatering kl. 1655: NRK Sogn og Fjordane melder at naudetatane har kontroll på bilen og at dei no ventar på bergingsbil 

Til toppen