ULUKKE: Ei bilulukke førte til stengt veg mellom Sogndal og Kaupanger søndag.
ULUKKE: Ei bilulukke førte til stengt veg mellom Sogndal og Kaupanger søndag. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Bil traff murkant og snurra rundt

Føraren send til legevakt for sjekk.

Sogndal: Alle naudetatane rykka søndag ut til ei bilulukke i Sogndal på riksvegen like ved avkøyrsla til Kjørnes camping.

– Alle i personbilen har kome seg ut, naudetatene er på staden. Skal ikkje vera snakk om personskade, skreiv politiet på Twitter klokka 17:45.

Personbilen skal ha kome over i motsett køyrefelt, treft ein murkant og snurra rundt. Bilen har fått store skader i fronten.

– Mannleg bilførar køyrd til legevakt for sjekk, han var vaken og medviten. Politiet avhøyrer vitner, vegen blir opna igjen snart, skriv politiet.

Til toppen