ULUKKE: Ulukka har skjedd mellom Oscarshaug og Turtagrø.
ULUKKE: Ulukka har skjedd mellom Oscarshaug og Turtagrø. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Bil utanfor vegen på Sognefjellet

Ulukke på Sognefjellet, to menn frakta til Førde sentralsjukehus. 

Luster: Det har vore ei trafikkulukke mellom Turtagrø og Oscarshaug på Sognefjellet, det melder politiet på Twitter klokka 18:58. 

Ein bil har køyrt utanfor vegen og havna på taket. 

Det skal vera to personar i bilen.

– Begge har kome seg ut og er oppegåande, opplyser Per Algrøy, på operasjonssentralen til Porten.no.

Politiet opplyser på Twitter klokka 20:20 at begge er menn i 40-åra, og at dei no blir frakta til Førde sentralsjukehus. 

Føraren har forklart at han var uoppmerksam og kom dermed utanfor asfaltkanten med bilen.

Til toppen