ANDRE GENERASJON: Dagens Audi Q5 har vore på vegen sidan 2008, no kjem ei ny utgåve. Foto: Produsenten / AUDI AG.
ANDRE GENERASJON: Dagens Audi Q5 har vore på vegen sidan 2008, no kjem ei ny utgåve. Foto: Produsenten / AUDI AG.

Bilane vi kjøper neste år

Under bilutstillinga i Paris, som nyleg opna, blir det vist fram ei rekke nye bilmodellar som kan bli populære i Noreg.

Den internasjonale bilutstillinga i Paris opna denne veka, med fleire nye bilmodellar som er interessante for norske bilkundar.

Audi kjem med ein ny Q5, som blir andre generasjon av modellen. Den skal vere klar for sal tidleg i 2017, og er større ein dagens versjon, samtidig som han er rundt 90 kilo lettare. Q5 kjem med fire dieselalternativ frå 150 til 284 hestekrefter og éin bensin på 252 hestar. Minste motoralternativ kan leverast med forhjulstrekk, resten kjem med firehjulstrekk.

Småbil

Citroën presenterer neste generasjon av småbilen C3. Her kan ein velje mellom tre tresylindra bensinmotorar på 68, 82 og 110 hestekrefter. C3 vert også levert med to dieselmotorar på 75 og 100 hestekrefter. Alle C3-versjonane vert i første omgang levert med manuell girkasse, men bilen vil etter kvart bli tilgjengeleg med ein sekstrinns automatgirkasse.

Den tiande generasjonen av Honda Civic vert vist for første gong. Ut frå førehandsinformasjonen skal han bli meir sportsleg enn forgjengaren, med eit stivare karosseri og eit lågare tyngdepunkt. Han vil også få to nye bensinmotorar. Ein på éin liter med tre sylindrar og turbo som yter 129 hestekrefter, og ein 1,5 liter med 182 hestar.

500 kilo lettare

Om nye Hyundai i30 seier produsenten at dei har «lytta grundig til kundane sine for å skape ein bil med høg verdi for så vel familiar og einslege, som eldre og unge».

Bilen som blir tilbode på det norske marknaden, kjem med ein firesylindra 1,4 turbobensinmotor med 140 hestekrefter.

Artikkelen held fram under biletet.

SLANKA SEG: Den nye Land Rover Discovery er nesten eit halvt tonn lettare enn utgåva den erstatta.
SLANKA SEG: Den nye Land Rover Discovery er nesten eit halvt tonn lettare enn utgåva den erstatta.

Land Rover Discovery kjem for sal til våren og er, som forgjengaren, ein svær SUV. Sjølvsagt tilgjengeleg med sju seter og terrengeigenskapar, slik bilar frå Land Rover alltid har hatt. Discovery skal ha fire motoralternativ, frå 180 til 340 hestekrefter. Han kan trekke hengarar på opptil 3,5 tonn og vade i vassdjupner på 90 centimeter. Ved hjelp av utstrekt aluminiumsbruk i konstruksjonen er bilen 480 kilo lettare enn utgåva han erstattar.

Rekkevidde

Mercedes-Benz E-Klasse All-Terrain rullar inn på eit område der Audi A6 Allroad og Volvo XC70 har dominert. Det er ei stasjonsvogn med ekstra bakkeklaring, tre centimeter meir enn ein vanleg E-klasse, og nokre robuste detaljar på karosseriet.

I første omgang vert bilen levert med ein to liters dieselmotor på 194 hestekrefter, og han har sjølvsagt firehjulstrekk. Vert lansert her til våren.

Opel viste sin elbil Ampera-e, som skal ha ein rekkevidde på vel 50 mil, noko som vil vere suverent lengst blant dei elektriske kompaktbilane. Ampera-e vil vere i Noreg på vårparten, og interessa for bilen skal allereie vere stor, ifølgje den norske importøren. Det er venta at han vil koste rundt 300.000 kroner.

Stor Skoda

Peugeot kjem med ein ny versjon av 5008, som når går frå å vere ein fleirbruksbil til å bli ein SUV. 5008 er større enn forgjengaren i alle retningar. Samanlikna med den førre generasjonen har passasjerane i baksetet 6 centimeter betre beinplass, og breidda er samtidig auka med 11 centimeter. Han kjem til Noreg i mars.

Artikkelen held fram under biletet.

STOR: Skoda kjem for første gong med ein skikkeleg SUV.
STOR: Skoda kjem for første gong med ein skikkeleg SUV.

Skoda Kodiaq er ein SUV på 4,7 meter som kan leverast med sju seter, bagasjeplass på 720 liter og tillatt hengarvekt på 2,5 tonn. Kodiaq har fem motoralternativ med ytingar frå 125 til 190 hestekrefter, to diesel og tre bensin, dei minste berre med tohjulstrekk, dei største berre som firehjulstrekk, medan begge alternativa er tilgjengeleg med 150 hestekrefter. Kodiaq vert lansert i Noreg i mars.

Toyota presenterer C-HR, ein bil som, ifølgje dei sjølv, er laga for å skilje seg ut, både frå Toyotas modellutval og i sitt segment. Det er ein crossover, eller som Toyota sjølv seier «ein dynamisk bil med SUV-liknande eigenskapar». C-HR kan leverast som ein hybrid med ein effekt på 122 hestekrefter, eller med ein konvensjonell bensinmotor på 115 hestekrefter. Dei første bilane skal leverast heilt mot slutten av 2016. (©NPK)

Til toppen