UNDERSØKER: Politiet er i gang med undersøkingar kring hærverket der bilar har fått kutta opp dekka.
UNDERSØKER: Politiet er i gang med undersøkingar kring hærverket der bilar har fått kutta opp dekka. (Foto: Arkiv)

Bilar utsette for hærverk i Høyanger

I alle fall to bilar har fått dekka kutta opp i Høyanger. Politiet etterforskar no saka.

Høyanger: – Vi har ikkje heilt fått stadfesta kor mange bilar det gjeld. Vi veit i alle fall om to, men det er mogleg det er ein tredje òg. Det vil vere ein del av undersøkingane vi gjer i dag, seier politibetjent ved Høyanger lensmannskontor, Ole Marius Larsen. 

Hærverket skal ha funne stad søndag kveld eller natt til måndag. Politiet fekk melding om det første tilfellet måndag. 

Politiet kan ikkje gå i detalj om akkurat kvar i tettstaden hærverket har funne stad då Porten.no snakkar med dei fordi dei held på med undersøkingane kring det, men det skal vere snakk om ulike område. 

Ingen tips førebels

Larsen seier at politiet førebels ikkje har fått tips i saka og står på bar bakke. Dei vil halde fram med undersøkingar ut dagen og sjå om dei klarer å få informasjon om kven som kan stå bak. 

Det har tidlegare vore problem med hærverk i tettstaden, men det har vore roleg ein lang periode no. 

– Kan dette tyde på at problemet har blussa opp att eller ser de det som eit enkelt-tilfelle? 

– Eg håpar inderleg at dette er eit enkelt-tilfelle og at det ikkje vil ta seg opp att, men det veit vi ikkje før det skjer, seier Larsen.

Til toppen