STENGD: Flenjatunnelen
STENGD: Flenjatunnelen (Foto: Arkiv)

Vogntog mista aksling i tunnel

Flenjatunnelen stengd ein knapp time.

Aurland: Flenjatunnelen i Aurland er open att etter å ha vore stengd i nesten ein time grunna bilberging. Eit vogntog mista ein aksling i tunnelen, og trengde hjelp for å koma seg vidare. 

Brannvesenet var dei første på staden, og sørga for å dirigera trafikken før bilbergaren var komen fram.

Tunnelen vart opna att 1343.

Retting: Me skreiv først at vegvesenet venta snarleg opning av tunnelen, noko som ikkje stemte.

Til toppen