BILBRANN: Det har teke fyr i en bil i Flenjatunnelen.
BILBRANN: Det har teke fyr i en bil i Flenjatunnelen. (Illustrasjonsfoto: Lidvar Berge/Arkiv)

Bilbrann i Flenjatunnelen – alle tre tunnelane er opne att

Det får følgjer for Gudvangatunnelen som òg er stengd.

Aurland: Det brenn i ein bil på E16 Flenjatunnelen, mellom Flåm og Gudvangen. Tunnelen er stengd og nødetatane er på veg til staden opplyser politiet. 

BILBRANN: Flenjatunnelen går mellom Flåm og Langhuso. Foto: Skjermdump/Google maps

Vegtrafikksentralen skriv klokka 15.24 på Twitter at Gudvangatunnelen er stengd på grunn av hendinga i Flenjatunnelen. Fem minuttar seinare opplyser dei òg om at Fretheimtunnelen er stengd.

Det betyr at strekninga frå småbåthamna i Flåm til Gudvangen, er stengd på grunn av brannen.

Politiet opplyser klokka 15.41 om at bilen er teken ut av tunnelen, og det er ikkje gjort skade på tunnelen. Brannvesenet jobbar no med å kjøle ned tunnelen. Grunnen til brannen er mest truleg varmgang i clutch.

Klokka 16.08 skriv politiet på Twitter at vegen er open att, men at ein må vera obs på nødetatane og bilberging som står på Flåm-sida av Flenjatunnelen.

Me oppdaterer saka. Har du tips eller bilete? Send til tips@porten.no.

Til toppen