BRANN: – Det var ein tungbilsjåfør som stoppa og hjalp til med sløkking, seier operasjonssentralen.
BRANN: – Det var ein tungbilsjåfør som stoppa og hjalp til med sløkking, seier operasjonssentralen. (Google Maps)

Bilbrann i Sogndalsdalen

Forbipasserande bistod med sløkking etter ein bilbrann i Sogndalsdalen.

Sogndal: Det er meldt om bilbrann på rikvsveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Forbipasserande hjalp til med sløkking. Det er ikkje meldt om personskade. 

– Brannen er sløkt, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund klokka litt over halv åtte fredag. 

Hellesund seier brannen kom av ein diesellekkasje. 

– Bilen er ikkje køyrbar, men heller ikkje totalskadd. Det var ein tungbilsjåfør som stoppa og hjalp til med sløkking, seier han. 

Bilen skal stå i ei busslomme, og trafikken flyt forbi. 

Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no

Til toppen