BRANN I BIL: Like før 15.00 onsdag melde politiet om brann i ein personbil ved Breistølen på riksveg 52 i Lærdal. Foto: Tipsar
BRANN I BIL: Like før 15.00 onsdag melde politiet om brann i ein personbil ved Breistølen på riksveg 52 i Lærdal. Foto: Tipsar

Bilbrannen er no sløkt

Bilen som tok til å brenne på Rv 52 ved Breistøl på Hemsedalsfjellet er no sløkt. 

Lærdal/Hemsedalsfjellet: Like før klokka 15 onsdag ettermiddag melde politiet på sin Twitter-konto om ein bil som brann ved Breistølen på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Både brannbil og politi var då på veg til staden. Det er ingen meldingar om personskade. 

Personbilen kom frå Lærdal og tok til å brenne nokre hundre meter nedanfor Breistølen.

Ein time seinare, klokka 16, fortel ein tipsar at brannen er sløkt. Politi er framleis tilstades og ein bergingsbil kom akkurat fram til staden. 

Trafikken har gått som normalt både under og etter hendinga. 

Til toppen