TRIST SYN: To speglar og ein vindusviskar på bilen til Gamleskulen i Årdal fekk hard medfart førre helg. Vandalane har framleis ikkje meldt seg.
TRIST SYN: To speglar og ein vindusviskar på bilen til Gamleskulen i Årdal fekk hard medfart førre helg. Vandalane har framleis ikkje meldt seg. (Foto: Montasje/privat)

Bilen til Gamleskulen utsett for hærverk – verkstaden fiksa skaden gratis

Veka starta på verst mogleg vis for den vesle verksemda i Årdal. Men då verkstadrekninga skulle betalast kom oppturen.

Årdal: Gamleskulen i Årdal er ein bruktbutikk og eit aktivitetssenter som hjelper folk å få ein fot innanfor arbeidslivet. Førre helg oppdaga dei at nokon hadde gått til angrep på ein av bilane deira.

– Det er så simpelt. Det er så meiningslaust hærverk, seier Steinar Drægni, dagleg leiar i verksemda.

Sidespegelen og dødvinkelspegelen var begge knuste og eine vindusviskaren var knekt av heilt nede ved festet.

TAKKSAM: Steinar Drægni, dagleg leiar i Gamleskulen, er sint på dei som står bak hærverket, men takksam overfor verkstaden som fiksa skaden gratis.  Foto:  Snorre Sandemose

– Det er av støypt aluminium og ein centimeter tjukt, så anten må det ha vore ein veldig sterk, eller ein veldig sint person som har gjort dette. Det er ganske ufatteleg, seier Drægni.

Fullroser bilverkstaden

Dei har hatt bilane ståande utanfor butikken på torget i Øvre Årdal i alle år. Aldri har dei opplevd noko slikt.

 – Eg veit ikkje kva eg skal seia, me blir fortvila og lei oss. Eg trur dette er noko du ikkje gjer åleine, men at det er ein gjeng som har gjort noko dumt. Men det blir berre spekulasjonar, seier Drægni.

Han seier at dei er avhengige av bilane i arbeidet dei gjer. Heldigvis stilte Indre SognBil opp og fekk fiksa det naudsynte på kort varsel. Betaling ville dei ikkje høyra snakk om.

– Det var veldig fint gjort av dei og godt å kjenna på, men det er slik dei alltid er. Dei yter ein makalaus service. Det er kanskje den einaste bilforhandlaren her, men pinadø den beste i heile distriktet. Det er det mange som vil kvittera på, seier Drægni.

– Skulle fått gjort opp for seg

Fredag var han i møte med politiet. Det gav han tru på at det ikkje er håplaust å få svar.

– Dette er ikkje ei sak som blir putta i ei skuff, seier Drægni.

– Kor viktig er det for deg at dei skuldige blir tekne?

– Det hadde vore kjekt å få tatt ein prat med dei, inivitert dei inn, vist dei rundt og fortalt om vår lille bedrift. Jobben vår er å få folk ut i arbeid, og det får me til veldig bra. Det hadde eg tenkt å visa dei, slik at dei skjønte kven dei har valda skade for, seier Drægni.

– Så skulle dei ha fått gjort opp for seg, kanskje kunne dei  ha jobba nokre timar gratis for oss, seier han.

Til toppen