(Bilde: Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde: Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde: Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde: Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
GLAD: Alvin Lægreid er strålande nøgd med at så mange vil koma til Sogn for å avslutta motorsportsesongen. (Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
SAMHALD: Tidlegare noregsmeister Stig Wilhelmsen har delteke på samtlege Driftweekend på Kaupanger og peikar på samhaldet som ei viktig årsak til det. (Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
(Bilde:  Truls Grane Sylvarnes )
Sjå bilete

Bilentusiastar strøymer til Kaupanger for å sladde vekk siste rest av bilane sine

I 2011 var det åtte bilar som deltok på Driftweekend på Kaupanger. I år låg over 40 bilar breitt i svingane på den gamle glattkøyringsbana.

Kaupanger: Driftentusiastar kjem frå heile landet for å avslutta sesongen på Kaupanger. Denne helga var det over 40 påmelde, der målet først og fremst er å ha det moro – men også å bruka opp siste rest av bilane.

– Det er fleire som har havarert og er parkert for helga for å seia det sånn, smiler Alvin Lægreid i Sogn Motorsportklubb.

GLAD: Alvin Lægreid er strålande nøgd med at så mange vil koma til Sogn for å avslutta motorsportsesongen.
GLAD: Alvin Lægreid er strålande nøgd med at så mange vil koma til Sogn for å avslutta motorsportsesongen. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

I 2011 var det åtte bilar som deltok på Driftweekend på Kaupanger. Sidan har arrangementet vakse og vakse. I fjor var det 26 påmelde. 

– Me er drithappy for at folk vil koma hit og avslutta sesongen her. Me avsluttar med ein skikkeleg fest laurdag kveld, og då får me ei triveleg avslutning på sesongen, seier han.

Samhald

Medan han snakkar suser bilar forbi med hekken så breitt som mogleg. Det kvin i dekka, og vanlegvis ville røyken ha stått bak, men sidan det har regna litt, er ikkje den dimensjonen heilt tilstades. Det legg ingen dempar på opplevinga.

Stig Wilhelmsen sit i bilen og ventar i kø for å kome inn på bana for sladde. Den tidlegare noregsmeisteren i 2015 går ut av bilen og kjem bort. Wilhelmsen har delteke på samtlege Driftweekend på Kaupanger. Det gode samhaldet er årsaka.

– Dette er siste treffet for i år, alle er samla. Ein får køyrt masse, og så blir det ein god fest i kveld. Dessutan har eg vunne Sognasladden to år og vil vinna i år og.

SAMHALD: Tidlegare noregsmeister Stig Wilhelmsen har delteke på samtlege Driftweekend på Kaupanger og peikar på samhaldet som ei viktig årsak til det.
SAMHALD: Tidlegare noregsmeister Stig Wilhelmsen har delteke på samtlege Driftweekend på Kaupanger og peikar på samhaldet som ei viktig årsak til det. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

Adrenalinkick

Denne helga er det ingen offisielle konkurransar og løp. Arrangementet er for moro skuld, men litt konkurranse må ein ha, og det har dei i Sognasladden. 

Både Lægreid og Wilhelmsen byrja med drifting i 2010. No reiser begge rundt i Noreg for å konkurrera. Drifting er kontrollert sladding, enkelt forklart, der førarane blir dømt på hastigheit, vinkel, sporval og clippingsoner. På dei større banene kan dette foregå i 200 kilometer i timen, der bilane ligg kanskje halvmeteren frå kvarandre. 

– Det gir eit sinnssjukt adrenalinkick. Det er sånn at når ein kjem ut av bilen etter eit løp, så skjelver du i heile kroppen, forklarar Lægreid.

Tryggleik i fokus

Ein kan bli rett imponert over evnen førarane har til å henta inn bilen før neste sving. I det dei ser ut til å ha mista kontroll, får dei slengt bakenden over til motsett side og sklir fint gjennom neste kurve. Men skulle det skje i ei ulykke, er dei godt budde.

– Tryggleik er det 110 prosent fokus på. Me har veltebur og selar og brannslokkingsapparat og hjelmar og alt mogleg, så det skal mykje til for å bli skadd. Eg tenkjer på det av og til, men ein kan ikkje tenkja for mykje på det heller, for då går det ut over køyringa, seier Lægreid. 

Heldigvis ser det ut til å ha gått bra denne helga, sjølv med eit par havari, men det verkar som det høyrer med. Lægreid benyttar sjansen til å takka alle som stiller opp slik at ein kan gjennomføra arrangementet sjølv om det berre blir større og større.

– Me har asylantar som hjelper til, og det er veldig artig at folk vaknar til liv og stiller opp på dugnad. Bygdefolket møter også opp. I fjor var det over tusen personar og såg på oss. Det er morsomt å arrangera når det berre veks og veks, men det byr også på utfordringar. Ein skal ha kontroll på alt slik at alle får køyretid. 

Du kan lesa meir om drifting her.

Til toppen