ETTERTRAKTA MANN: Reidar Fjøsne Skartun er ein av få i landet som driv med motorstyring på bilar.
ETTERTRAKTA MANN: Reidar Fjøsne Skartun er ein av få i landet som driv med motorstyring på bilar. (Foto: Linda Watten)

Bilentusiasten har gjort hobbyen til levebrød

Reidar Fjøsne Skartun frå Luster har vore interessert i bilar heile livet. No er han ein av berre tjue i landet som driv med motorstyring, og kundane kjem langvegsfrå.

Luster: – Eg har lært meg alt sjølv, det er ikkje nokon skule du kan gå på for å læra dette. Heldigvis har eg hatt god kontakt med utviklarar og fått god hjelp der, seier Skartun.

Ved kaien i Gaupne starta han i 2011 RFS Performance AS, ei bedrift der han spesialiserar seg på motorstyring. 

– Eg byrja å fiksa bilane til vener og bekjente, og så tok det litt av. Det blei mykje å gjera på fritida så då starta eg firma. Det gjekk fort oppover då eg allereie hadde ein kundebase, og etter det har det gått jamt.

Kundar frå heile landet

Han har kundar som kjem frå heile landet for å få hjelp med bilane sine. 

– Det er ikkje så mange lokale kundar, dei fleste kjem langvegs frå. 

Karl Henrik Snekkersveen har kome heilt frå Hamar for å fikse bilen sin til billøpet Gatebil.

– Det er greitt å koma hit sjølv om det er langt, seier han.

Bilen har han hatt i to år. 

– Fyrst gifta eg meg i den og så skrudde eg den om til driftingbil. Det er ein dyr hobby og eg har brukt nokre hundretusen på denne bilen. Det kostar å bygga den om, og det kostar i alle fall å øydeleggje den, seier Snekkersveen. 

Reidar Fjøsne Skartun og Karl Henrik Snekkersveen fyller etanol på bilen fordi dei skal ha mest mogleg effekt ut av motoren. Foto: Linda Watten

Høgsesong

No i mai er det høgsesong for firmaet og mykje å gjera. 

– Eg jobbar på alle raude dagar framover. No som snøen er vekke eksploderar sesongen for då skal alle ha bilen på vegen att.

Skartun er likevel nøgd, sjølv om det er hektisk. 

– Eg skal ikkje klaga over at hobbyen er blitt jobben min. Det eg gjer no legg grunnlaget for firmaet resten av året. Eg tenar opp peng om sumaren og brukar det om vinteren, seier han. 

Oppgradert motor

Jobben han gjer med bilane tek ofte mange timar. 

– Det varierar jo alt etter kor mykje trøbbel det er. Ofte skjer det ting med bilen undervegs som gjer til at eg må reparera ting. Jobben min er jo å programmera alle delane i motoren til å prata saman slik at eg får ut mest mogleg effekt. 

Resultatet blir ei heftig oppgradering. 

– Originalt er motoren på bilen til Snekkersveen 192 i effekt, altså hestekrefter målt på hjula, men etter eg er ferdig i dag rundar me nok 600. Då er det ikkje original motorstyring lenger, seier Skartun. 

No håpar han på å jobba med motorstyring så lenge det let seg gjera. 

– Eg får sjå kor lenge det varar eller om EL-bilane tek over etter kvart, sjølv om ein EL-bil ikkje lagar så kul lyd som den bilen eg har inne i dag. Men eg trur nok det er langt fram i tid, så eg held fram slik som no. 

Til toppen