Biletekunst, ordkunst og lydkunst på same tid og stad

Populær minifestival i kyrkjene i Lærdal. Sjå biletegalleri!

  • Endret

Lærdal: " Jeg synger meg en blå, blå salme når dagen svinger hatten til farvel og ror med sakte åretak mot strende dit alle dager ror når det blir kveld"

"Blå salme" forfatta av Erik Bye var eit av mange innslag som vart framført i Tønjum kyrkje fredag kveld .

I kyrkjeromma var det sett opp ein liten utstilling med kunstverk. Dette var Håkon og Ane Johanne Li sine, og nokre få hadde Dora David bidrege med. I midtgangen stod arbeid laga av Merete Rein frå Aurland. Arbeida hennar er flytande glass og er ei reise som tek deg til dei store høgder og djupe dalar. Varmt farleg, hardt og mjukt. 

Nærare hundre i kyrkja kvar kveld

Dei to kveldane var fylte med diktlesing, vakre songar av barnekor, Lærdal blandakor, Lærdal musikklag, Marita Bratteteig med gitar og song, Freek Ypma på piano, Dora David på fløyte og Stewart Søvik på vokal. I tillegg Vilde og Elinde Duo, Amalie Forthun, og Mathilde Grøttebø med vakker song.

Det var lagt opp til ei lita kunstvandring i kyrkjerommet, med litt tid til ein kaffikopp og litt godt å bita i. 

Minifestivalen i Hauge og Tønjum kyrkje samla mellom 80 og 90 personar kvar kveld. Fløytist Dora David toppa det heile med Grand Finale på orgel og fløyte, ei urframføring av hennar eigen komposisjon "Lærdal i Storm". 

Til toppen