LÆRERIKT: Helse- og fagarbeidar klassa var med heile dagen for å hjelpe til der dei kunne og lære mest mogleg.
LÆRERIKT: Helse- og fagarbeidar klassa var med heile dagen for å hjelpe til der dei kunne og lære mest mogleg. (Foto: Youri van der Werve)

BILETSERIE: Helse- og fagarbeidar på Sogndal VGS nyt Løveleikane som praksis til utdanninga

Det var igjen tid for Løveleikane på Kvåle Stadion. I år var det mogleg å finne ei ivrig vidaregåande klasse som heiagjeng på området.

Sogndal: Løveleikane er eit idrettsarrangement for personar med ein psykisk utviklingshemming. I år kom deltakarane frå heile Indre Sogn og Gaular. 

Arrangørane er Sogndal IL ved Trimmen og Lions Sogndal. Trimmen er eit treningstilbod til personar med utviklingshemming og blir arrangert kvar tysdag gjennom heile året.

I tillegg har dei fått hjelp av ei klasse ved Sogndal Vidaregåande. Jentene som går helse- og fagarbeidar var med heile dagen for å hjelpa til.

Les òg: - Dette er sanne idrettsglede

Lærer mykje av å sjå

– Me prøver å støttar, motiverar og heiar dei som er med på øvingane. Dette er ei brukargruppe som me kan møte på når me skal ut i arbeidslivet, det er derfor veldig kjekt å kunne sjå litt korleis det er, seier ein av elevane Marta Hofslundsengen.

For dei er det mykje å lære berre ved å sjå på eit slikt arrangement.

– Her er det mange brukarar som har med seg ledsager. No har me moglegheit å sjå korleis dei kommuniserar i lag og kva ledsagaren gjer for å motivera dei. Me ser korleis me skal når me skal jobba med det.

– Ein blir jo berre glad av å sjå kor glade dei andre er

Læraren til Helse- og fagarbeid Bente Karin Vatlestad er glad at jentene er så positive til å vera med på arrangementet.

– Det er veldig kjekt at dei er villige til å bruke ein laurdag på dette, seier ho.

Men for dei er det ikkje berre å sjå på.

– Dei har dekka til festmiddag og kjem til å jobbe  med dette til seint på dagen. Det er fint for dei å sjå korleis frivillegarbeid fungerer. I tillegg er det óg kjekt å sjå samarbeidet mellom fleire ulike organisasjonar.

For ho var dette første gongen at ho hadde med seg ei klasse til Løveleikane, men håpar dei kan gjera det igjen til neste år.

For årets kull var det ein særs lærerik oppleving skal me tru deira kommentarar.

– Ein blir jo berre glad av å sjå kor glade dei andre er. Det motivera meg til å kanskje gå den retninga i karrieren, seier Hoflundsengen.

(Foto: Youri van der Werve)
(Foto: Youri van der Werve)
(Foto: Youri van der Werve)
(Foto: Youri van der Werve)
(Foto: Youri van der Werve)
(Foto: Youri van der Werve)
(Foto: Youri van der Werve)
(Foto: Youri van der Werve)
(Foto: Youri van der Werve)
(Foto: Youri van der Werve)
Til toppen