Lærdal: Politiet melde på twitter at eit rådyr var påkøyrt på riksveg 5 i Lærdal onsdag kveld rett over klokka 21.
Ettersøksringen i Årdal og Lærdal opplyser til Porten.no at føraren frå Austlandet truleg såg feil og at det var snakk om hjort. Dyret sprang av garde etter påkøyrselen og såg ikkje ut til å vera nemneverdig skadd, så det kom frå hendinga med livet i behald.