FORENKLA FØRELEGG: Fleire sjåførar fekk forenkla førelegg for ikkje å stoppa for skuleelevar som ville over fotgjengarfeltet. Foto: Jonny Asperheim.
FORENKLA FØRELEGG: Fleire sjåførar fekk forenkla førelegg for ikkje å stoppa for skuleelevar som ville over fotgjengarfeltet. Foto: Jonny Asperheim.

Bilførarar tok ikkje omsyn til skuleelevane

Det blei skreve ut forenkla førelegg til fleire bilførarar i Lærdal då dei ikkje stoppa for skuleelevane.

  • Endret

I samband med gåprøva som 1. til 4. klasse ved Lærdalsøyri skule tok tysdag, var det fleire bilførarar som ikkje tok omsyn til skuleelevane.

Ungane, som skal læra seg å ferdast i trafikken, kom ut for fleire potensielt farlege situasjonar då bilførar ikkje stoppa for dei.

Elevane gjekk i Lærdal sentrum og skulle kryssa fotgjengarfelt, men trass i at førarar av bilar skal stoppa når nokon vil over fotgjengarfeltet, blei ikkje dette gjort.

Politiet var tilstades for å overvake prøva og ettersom det ikkje blei teke omsyn til elevane, kunne dei dele ut forenkla førelegg til fleire førarar som ikkje stoppa for elevane.

Politipatruljen opplyser at mange var nølande då dei kom køyrande.

Til toppen