ULUKKE: Ein bil køyrde på to kyr og enda utfor vegen i Fjærland i natt.
ULUKKE: Ein bil køyrde på to kyr og enda utfor vegen i Fjærland i natt. (Foto: Arkiv)

Bilist trefte to kyr på Fjærland og køyrde i grøfta

Klokka 02:27 natt til tysdag melde Vest politidistrikt om ulukka.

Sogndal: Ulukka skjedde på Fjærlandsvegen i Sogndal. Bilen har køyrd på to kyr, og deretter køyrd ned i ei grøft. Bilen hamna på taket utfor vegen. 

Føraren av bilen hadde vore bevvistlaus før naudetatar kom fram på staden, opplyser politiet. 

Ambulanse var framme ved ulukkesstaden 02:48. Førar var lettare skadd, hadde små kutt og smertar i hovudet. Vedkomande vart køyrd til sjukehus. 

I ulukka omkom to kyr, og ei tredje vart skadd i ein fot. 

Til toppen