KØYRER SAKTARE: Farten på vegane har vorte lågare dei siste åra, men verken utrykkingspolitiet (UP), Vegdirektoratet eller forskarane veit kvifor.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
KØYRER SAKTARE: Farten på vegane har vorte lågare dei siste åra, men verken utrykkingspolitiet (UP), Vegdirektoratet eller forskarane veit kvifor.​ Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Bilistane køyrer saktare

Farten på vegane har vorte lågare dei siste åra, men verken utrykkingspolitiet (UP), Vegdirektoratet eller forskarane veit kvifor.

Årdal/Lærdal: Mens målingane til Statens vegvesen fram til 2006 viste at farten auka frå år til år, har tendensen i åra etter vore den motsette: Farten har jamt gått ned. Mens 85 prosent av bilane i 2006 heldt seg under 58,7 km/t i femtisona, var det tilsvarande talet i 2014 55,2.

Forskingsleiar Rune Elvik i Transportøkonomisk institutt (TØI) seier til NRK at dei har sett den same tendensen i Danmark og Sverige, men utan at dei kan forklare kvifor det er slik.

– Me veit ikkje heilt kva det kan komme av. Det kan komme av tettare trafikk somme stader. Éin teori me har, er at det har vorte fleire eldre førarar, og at dei køyrer saktare enn andre, seier Rune Elvik til NRK.

Han håper elles at eit forskingsprosjekt TØI no er i gang med, skal gi eit meir konkret svar dette året. (©NPK)

Til toppen