POPULÆRT: Konsert-duoen Billa and the Kid frå Sogn og Fjordane spelte konsert på Fuglesteg for 110 publikummarar.
POPULÆRT: Konsert-duoen Billa and the Kid frå Sogn og Fjordane spelte konsert på Fuglesteg for 110 publikummarar.

Billa and the Kid lagde god stemning på Fuglesteg

Den gamle fjellgarden heile 630 meter over havet visar seg å vera ein strålande plass å halde konsert.

Luster: Laurdag ettermiddag bydde Billa and the Kid til konsert i kulturfjøsen på Fuglesteg i Fortun. 

Kjende med songane Vikjahuset, 69-modell, Grå Ford Cortina og Dine fine auge, kom 110 musikkglade publikummarar. 

– Det var folk frå både Luster og ifrå Sogndal der, men òg turistar, seier Bjørn Rune (Billa) Nondal. 

Bandet består av Nondal og Gunnar Yttri. Med seg under konserten var Gjest Ingeson Kvåle på gitar og Inge Ronny Kvåle på ulike strenginstrument.

Og sjølv med 630 høgdemeter og inga bilveg opp, stod det ikkje altfor mykje på musikkutstyret.

– Me fekk berehjelp, så me hadde med oss alle instrument, lydanlegg og høgtalarar, seier Nondal. 

Til toppen