POPULÆR: Dei to tvillingane er svært populære. Foto: Arkiv.
POPULÆR: Dei to tvillingane er svært populære. Foto: Arkiv.

Billetsalet til Marcus & Martinus går unna

Onsdag under årets Målrock spelar Marcus & Martinus i Meieriparken på Årdalstangen. Dei to unge artistane har gjort stor suksess det siste året, og blant Noregs mest populære artistar blant born og unge.

Gutane ser ut til å vere svært populære i Årdal og utanbygds. Til no er det solgt nesten 2700 billettar, noko arrangøren er svært fornøygd med.

– Marcus & Martinus dreg opp bilettsalet veldig. Det er omkring 200 bilettar igjen. Me veit at det kjem ein del tilreisande til tvillingparet. Det håpar me gjer at fleire får augene opp for Målrock.

SATSAR NYTT: Stiftinga Målrock har gjeve born og unge konsert-tilbod  under årets Målrock.
SATSAR NYTT: Stiftinga Målrock har gjeve born og unge konsert-tilbod  under årets Målrock.

Nytt tilbod

Nytt i år er at Målrock gjev eit konsert-tilbod til born og unge. Arrangøren fortel at det er ikkje så ofte ein finn eit slikt tilbod.

–   Det finst mange gode grunnar til at me valde å booke artistane. Ein av grunnane er tilbod til born og unge som vi aldri har hatt før, og som vi ikkje finn så ofte. Tvillingane er midt i målrock-profilen og me kunne jo ikkje seie nei når sjansen baud seg.

Korleis går bilettsalet til festivalen?

– Bilettsalet går veldig bra, og er om lag på høgde med fjoråret. Bortsett fra at Marcus & Martinus drar opp veldig! 

 

 

 

Til toppen