Lokal favoritt:  Eirik Sognnes gjestar også i år sumarens musikkfest i Lærdal. Arkivfoto frå Jordeplerock 2015
Lokal favoritt: Eirik Sognnes gjestar også i år sumarens musikkfest i Lærdal. Arkivfoto frå Jordeplerock 2015

Billettsalet går som ein vind

Alt ligg til rette for eit godt besøkt Jordeplerock 2016. No kryssar arrangørane fingrane for at også vêr og vind spelar på lag. 

Lærdal: – Eg sjekkar Yr og Storm kvar time. Meldingane endrar seg heile tida, så det er nervepirrande. Lærdal er kjend som ein av Noregs tørraste plassar, så eg håpar det viser seg frå den sida i helga også, seier Torgeir Skjerdal, ansvarleg for marknadsføring og media under Jordeplerock.

Har dobla nettsalet

Startskotet for musikkfesten går komande fredag med Gunslingers, System og ikkje minst DDE på scena på Grandane i Lærdal. Laurdag er det klart for Eirik Sognnes & Heil Ved, Kjartan Lauritzen, Katastrofe og Sandra Lyng. Og musikkmenyen har falle i smak, i følgje Skjerdal.  

– Me selde masse billettar på Lærdalsmarknaden og nettsalet er dobla frå i fjor. Før om åra har veldig mange kjøpt billettar i døra, men me håpar folk først og fremst held fram å bestilla på førehand. Det gjev oss ein betre peikepinn på kor mange som kjem, og eg vil for all del unngå at nokon som kjem og vil ha billettar fredag ikkje får det fordi me er utselde. Folk tenkjer gjerne det er lett å få billett i døra, men det er ikkje sikkert. Og me har sett eit tak.

Førehandssalet over nett held fram ut torsdag, altså til klokka 24. Bestiller ein innan då kostar festivalpass 650 kroner. Fredag vil det bli sal av billettar på festivalplassen, samt i døra under sjølve arrangementet. Ventar ein med å kjøpa til fredag kostar festivalpass 700 kroner. Dagspass går for 450 kroner både på førehand og i døra.

– På facebooksida til Jordeplerock står 750 med status "deltek" og over 900 med "kanskje". Det er mykje større interesse enn før, fortel Skjerdal 

– Kva dag er det seld mest billettar?

– Før har klart flest kjøpt førehandsbillettar til fredagen, i år har det jamna seg meir ut, og det tykkjer me er bra. Men noko meir sal har me på fredagen i år også, då kjem trass alt Noregs største og beste liveband, DDE.

Artikkelen held fram under biletet

Trekkplaster: Om vêret tillet vokalist Bjarne Brøndbo å syna overkroppen når DDE går på scena under Jordeplerock fredag kveld er eit spenningsmoment.
Trekkplaster: Om vêret tillet vokalist Bjarne Brøndbo å syna overkroppen når DDE går på scena under Jordeplerock fredag kveld er eit spenningsmoment.

Jordeplepinnar?

Nytt av året er at arrangørane har sett opp busstransport til kringliggjande bygder. I tillegg til at det går buss oppover dalen i Lærdal etter konsertslutt er det også sett opp bussar til Sogndal, Årdal og Aurland - sistnemnde går også vidare til Flåm.

– Det var ei satsing me ikkje følte oss heilt sikre på, men me ser no at det byrjar å gå unna bra med bussbillettar. Dei resterande billettane blir seld direkte i bussen, men det er jo risky om bussen skulle bli full. Så eg anbefalar å førehandsbestilla bussbillett også, seier Skjerdal.

Andre nye element er mcash og jordeplepinnar. Mcash er ein app ein kan lasta ned og kjøpa drikkebongar med. Då får ein dei bestilte bongane i bongteltet.

– Betalinga går kjappare om ein nyttar appen i høve kort eller cash, seier Skjerdal

For å leva opp til namnet sitt må det vera jordepler å få på festivalen. I år kjem dei også i ei ny form. Men namnet er ikkje heilt avklart.

– Me har rekordtidlege jordepler frå Lærdal i år. Det blir servert deilege innbakte jordepler, jordeplesalat, og noko nytt av året me ikkje heilt veit kva me skal kalla. Jordeple-fries? Eller Jordeplepinnar er kanskje betre. Me skal no prøva oss på dette. Generelt brukar me lokale produkt frå leverandørar i bygdene publikum kjem frå.

Likar ikkje lærdalsvinden

Men så var det dette vêret, då. Meldingane frustrerer Skjerdal.

– Akkurat no er det meldt ganske bra vêr fredag kveld og dårlegare laurdag på Storm. På Yr er det omvendt. Så me får satsa på at Storm har rett fredag og Yr laurdag. Spesielt er jo lærdalsvinden kjend for å vera sur, så det vil me ikkje ha. Litt regn toler me alltids. Men det er ikkje meldt mykje vind slik det ser ut no, så me får tru i alle fall det er rett.

Uansett vêr og vind ser han og dei andre i arrangørgjengen fram til helga.

– Me gler oss utruleg mykje. Og me må takka sponsorar og alle dei frivilljuge. Allereie dagen etter arrangementet i fjor fekk me meldingar frå frivilljuge som ville stilla på nytt i år. 

Til toppen