TREDJE GENERASJON: Dagens Audi TT er tredje generasjon og blei lansert i fjor. Den første blei lansert i 1998. FOTO: Sørbø, Krister / NTB scanpix
TREDJE GENERASJON: Dagens Audi TT er tredje generasjon og blei lansert i fjor. Den første blei lansert i 1998. FOTO: Sørbø, Krister / NTB scanpix

«Billig» TT

Den rimelegaste Audi TT-utgåva har forhjulstrekk og 180 hestekrefter. Er det godt nok?

Kabrioletar er eit beskjedent segment i Noreg, noko som ikkje er overraskande. Skal ein utnytte dette med at taket kan fjernast, bør det jo vere opphaldsvêr, noko som ikkje har stått på menyen spesielt ofte i dette landet i sommar.

Likevel er det ein del entusiastar som sver til slike bilar, sjølv om utvalet av nye kabrioletar dei seinare åra har skrumpa inn. Det kan virke som fleire bilprodusentar også har hatt norske somrar dei siste åra. Så dersom du vil ha ein kabriolet sportsbil som ikkje kostar både skjorta og regnfrakken, er det ikkje så mykje å velje mellom.

Ein kan gå for den enkle og morosame Mazda MX-5 som med 160 hestekrefter og sportspakke kostar vel 360.000 kroner, men om dette blir for smått og simpelt må ein dra til med ein halv million. Då kan ein velje ein Audi TT, med minste motor og forhjulstrekk. Den startar på 485.000 kroner og er av nyaste generasjon, som kom i fjor.

Genialt interiør

Men held det? Vi snakkar altså om forhjulstrekk og 180 hestekrefter frå ein 1,8 liters motor som ein elles finn i så å seie alle Audi-modellar frå A1 til A7. Det høyrest ikkje så heftig ut, og prisen er trass alt ikkjeså gunstig.

Artikkelen held fram under biletet.

NYTT: Innvendig har TT det nye interiøret fra Audi.
NYTT: Innvendig har TT det nye interiøret fra Audi.

Utvendig ser denne utgåva litt slapp ut. Det kan vere at fargevalet og andre visuelle effektar har dempa bilen noko, men truleg er det særleg takforma på kabrioleten som gjer det. I coupéutgåve har TT ein stilig, skrå, takvinkel, medan den får ein meir avrunda profil med stofftaket. Den ser litt ut som ein implodert Volkswagen Beetle.

Innvendig er det ei heilt anna historie, og det er ikkje uviktig. Det er her ein oppheld seg, og det er få andre bilinteriør, om nokon, som overgår det ein Audi TT byr på. Dette er aller nyaste generasjon Audi-interiør, med det dei kallar virtuell cockpit, noko som vil seie at dei tradisjonelle klokkene bak rattet er erstatta av ein skjerm der ein kan flippe rundt med fleire forskjellige visingsalternativ og informasjonsmoglegheiter. Ein personleg favoritt er å la eit mega-høgoppløyseleg kart dominere, med ein turteljar og speedometerklokke i kvart hjørne.

Nøytral køyreoppleving

Interiøret er nærmast fritt for knappar, men heldigvis har dei halde på manøvreringshjulet på midtkonsollen og ikkje latt seg freiste til ein peikeskjerm, slik mange har gjort når dei heng seg på bort-med-knappane-bølgja. Som ein siste, genial tøtsj har dei plassert styringa av klimaanlegget på små hjul midt i ventilane. Det ser superstilig ut, og ikkje minst er det funksjonelt.

Artikkelen held fram under biletet.

BILLIGASTE: Vel ein den same motoren, men med manuelt gir, blir den vel 20.000 rimelegare.
BILLIGASTE: Vel ein den same motoren, men med manuelt gir, blir den vel 20.000 rimelegare.

På vegen er TT nøytral, og trass i forhjulstrekk og ein motor som ligg rett over frontakslingen, så er ikkje understyring noko merkbart problem, sjølv ikkje om ein går på gassen tidleg i ein sving. Audi har treft godt med oppsettet på understellet. Den er ikkje ukomfortabel på dårleg asfalt, samtidig tek den svingar flatt. Bilen har ingen justeringsmoglegheiter her, men det trengst heller ikkje.

I det heile tatt er bilen ganske enkel. Girkassen, Audis S tronic, kan setjast i sport og kan køyrast manuelt via hendlar på rattet, men utover det er det ikkje noko meir ein kan fikle med.

Pop-pop

Motoren, som nokon heilt sikkert vil tenkje på som ein smule veik, gjer ein god jobb. Den har effekt heilt til raudmerkinga på nær 7000 omdreiingar, og den trivst særleg godt rundt 5000 omdreiingar, der den har aller mest effekt. Når ein girar kjem det artige pop-pop-lydar frå eksosanlegget, og det kjennest meir enn sportsleg nok. Ein fordel er at motoren ikkje er kraftigare enn at ein faktisk kan bruke heile registeret utan å måtte tilbringe neste ferie blant europallar.

Artikkelen held fram under biletet.

NOKO PLASS: Bagasjerommet tek 280 liter, det er 100 liter meir enn i ein BMW Z4, 55 meir enn i ein Mercedes-Benz SLC og heile 150 meir enn i ein Mazda MX-5.
NOKO PLASS: Bagasjerommet tek 280 liter, det er 100 liter meir enn i ein BMW Z4, 55 meir enn i ein Mercedes-Benz SLC og heile 150 meir enn i ein Mazda MX-5.

Som ein, etter forholda, ganske rimeleg, topplaus sportsbil, leverer TT 1,8 TFSI ei god pakke. Den gir mykje køyreglede, og den ser definitivt best ut med taket nede. Men éin ting må kabrioletentusiastane fortelje meg: Kva gjer dei når taket er nede og sola står imot? Ein ser knapt vegen gjennom all blendinga. Sola treffer jo over solbrillene. Brukar de slalåmbriller?

Til toppen