BALANSEGANG: Det var full konsentrasjon då deltakarane måtte krysse elva på ei smal plankebru under årets bilrebus i Lærdal. Foto: Kristoffer F. Øygarden
BALANSEGANG: Det var full konsentrasjon då deltakarane måtte krysse elva på ei smal plankebru under årets bilrebus i Lærdal. Foto: Kristoffer F. Øygarden

Bilrebusbonanza i Lærdal

Entusiastiske Lærdøler stod i kø for å delta på kanskje det aller viktigaste innslaget under Kom Heimatt-arrangementet denne helga - den tradisjonsrike og prestisjetunge bilrebusen. 

Lærdal: Allereie før dørene opna kl. 11 laurdag var det kø for å registrere seg til  det populære rebusløpet. Innan ein tima var heile 45 lag godt i gang med årets konkurranse.

Saman med quizen på fredag har bilrebusen vore eit fast innslag under Kom Heimatt-arrangementet sidan dei starta for 11 år sidan. For dei laga som klatrar til topps i begge konkurransane vankar det premie, ein ettertrakta vandrepokal - og ikkje minst heider og ære.

PRESTISJETUNG REBUS: Komitemedlem Inghild Lysne Sanden fortel at det ligg mykje prestisje i å vinne bilrebusen under Kom Heimatt-arrangementet.
PRESTISJETUNG REBUS: Komitemedlem Inghild Lysne Sanden fortel at det ligg mykje prestisje i å vinne bilrebusen under Kom Heimatt-arrangementet.

– Det ligg ekstrem prestisje i det å vinne rebusløpet og quizen. Eg trur eigentleg me ikkje hadde trengt å ha premie i det heile teke, folk er berre så gira på å vinne, seier Inghild Lysne Sanden frå Kom Heimatt-komiteen.

Komitemedlemmane kan fortelje om konstante oppringingar frå ivrige deltakarar som prøver å lokke til seg svara på postane undervegs. Nokon skal til og med ha følgd etter då medlemmane sette opp rebusen i dagane før arrangementet, i håp om å få eit lite glimt av løysinga på nokre av postane.

Dette er blodig alvor, legg ein av medarrangørane til.

Fast tradisjon

Den tradisjonsrike rebusen består kvart år av åtte til ti postar med alt frå aktivitetar til spørsmålsark.

Postane er spreidd rundt om på ulike plassar i Lærdal. For å finne ut kvar dei skal må laga løyse rebusar på spørsmålsarket dei får tildelt under registreringa i Kvammegården.

Med postar spreidd over heile bygdi, frå Øyri heilt opp til Borgund, er det naudsynt med bil for å komme seg frå plass til plass. Derav namnet på rebusløpet.

Artikkelen held fram under biletet.

KONSENTRERTE: Nokre av spørsmåla i rebusen var vriene, og kravde full konsentrasjon for å løyse.
KONSENTRERTE: Nokre av spørsmåla i rebusen var vriene, og kravde full konsentrasjon for å løyse.

Nye innslag

På tross av lange tradisjonar har komiteen i år valgt å prøve eit heilt nytt innslag på ein av postane.

– I år har me laga ein post inspirert av Ta Sjansen, der deltakarane må balansere over elva på ei plankebru. Her har me brukt ein god del ressursar. I tillegg har me gått ut med informasjon om posten på førehand, noko som me ikkje har gjort tidlegare år.

DUKKERT: Nokre av deltakarane fekk seg ein skikkeleg dukkert på Ta Sjansen-posten.
DUKKERT: Nokre av deltakarane fekk seg ein skikkeleg dukkert på Ta Sjansen-posten.

På sjølve posten stod sikkerheit i høgsetet, med ein utsending frå Raude Kors Lærdal som sat parat i ein båt om nokon skulle dette uti – sjølv om den største risikoen nok var ein liten dukkert i det kalde elvevatnet.

Då laga byrja å strøyme på var det likevel ikkje mangel på spenning. Akkompagnert av dei dramatiske tonane til filmmusikken frå Pirates of the Caribbean vart deltakarane sendte over elva. Nokre spurta rutinert over, medan andre krabba på alle fire for ikkje å dette uti.

Ein og anna dukkert blei det sjølvsagt likevel.

Tradisjon tru

Ta Sjansen posten endte med å verte eit svært populært innslag. Men på spørsmål om slike innslag etter kvart skulle kunne ta over for bilrebusen er svaret frå Sanden klart:

- Du tullar ikkje med rebusen! Hadde me byta han ut med noko anna hadde det vorte ramaskrik frå heile Lærdal. Det kan me rett og slett ikkje finne på å gjere, seier ho.  

Til toppen