Sogndal: – Vi hadde vårt første treff i fjor, då kom det ca. 150 deltakarar. Det var ein stor suksess med kvallvêr. Det ser ut som det kan bli noko liknande i år, fortell formann i Sogndal Amcar klubb Gunnar Barsnes Onarheim.
Vaormønstringa er inspirert av main street car shows frå USA. – Her kan folk møte opp med bilar, motorsyklar, lastbilar eller gresskliparar. Alle køyretøy eigentleg.
Frå heile fylket
Det er ikkje noko påmelding, så det er vanskeleg å vite kor mange som eigentleg kjem. Men tidleg på dagen var der allereie ca. 70 deltakar. – Vi håpar på minst 100. Dei fleste kjem i frå heile fylket, men i fjor hadde vi nokon som hadde reist frå austlandet, seier Onarheim.
Vi begynte forsiktig, og vi får sjå om vi utviklar dette vidare. Viss der blir endå meir folk i år enn i fjor, så ligg der grunnlag for å f.eks. få nytta større areal i Sogndal, avsluttar Onarheim.