ULUKKE: Fire personar er involvert i ulukka.
ULUKKE: Fire personar er involvert i ulukka. (Foto: Arkiv)

Bilulukke i Lærdal – familie på fire sendt til sjukehus

Det melder politiet.

Lærdal: Ein bil og fire personar er involvert i ei bilulukke i Lærdal på E16, skriv politiet på Twitter kl. 16.24. Det er ikkje meldt om alvorlege personskalder.

Naudetatane er på staden. 

– Bilen køyrde utfor vegen, men klarde å komma seg opp på vegen igjen. Dei køyrde så til eit busstopp og venta ei stund med å varsle, fordi dei ikkje kjente noko skade i starten, seier Eivind Hellesund ved operasjonssentralen. 

– Alle er oppegåande, men nokre kjenner no at det verkar i nakke og hovud. Bilen har materielle skadar, seier Hellesund.

Klokka 17.43 opplyser politiet at det er ein familie på fire som var involvert i ulukka. Tre av dei er sendt til Lærdal sjukehus, medan éin person er sendt til Førde sentralsjukehus. Det er oppretta sak og har avhøyrt føraren.

Obs: Først meldte Porten.no at ulukka fann stad i Lærdalstunnelen. Deretter retta me dette til Lærdalsdalen, etter å lest meldinga på Twitter ein gong til. Så gjorde ein tipsar oss merksam på at det ikkje er noko som heiter Lærdalsdalen, har me òg retta opp i dette.

Porten.no kjem tilbake med meir. Foto eller tips? Kontakt tips@porten.no eller 97546895. 

Til toppen