ULUKKE: Ulukka skjedde like før Skjolden i Luster kommune.
ULUKKE: Ulukka skjedde like før Skjolden i Luster kommune. (Illustrasjon: Google Maps)

To til sjukehus etter bilulukke

Bil med to personar køyrde av vegen i Luster.

Luster: Kvart på fire i ettermiddag melde politiet at ein bil hadde køyrt utfor vegen like før Skjolden i Luster kommune.

– Politi og lege er komne på staden. To personar er i bilen. Per no framstår det som mindre personskadar, sa Arve Samsonsen hos operasjonssentralen til Vest politidistrikt like etter ulukka.

Klokka 17.01 melder AMK-sentralen at to pasientar er sende til sentralsjukehuset i Førde etter ulukka.

Til toppen