Det var ein bil som køyrte i ein anna på Filefjell ved nedre Smeddalsvatnet.
Det var ein bil som køyrte i ein anna på Filefjell ved nedre Smeddalsvatnet. (Foto: skjermdump )

Bilulukke på Filefjell: Ingen personskader

Ein bil køyrte i ein anna på filefjell. Ingen av personane vart skada i ulukka, men bilane fekk noko materielle skader.

Sogn: –  Det var ein bil som kom i ca 30 km/t og køyrte i ein bil som stod i ro, seier Terje Byrkeland, 110-operatør på alarmsentralen.

Klokka 14.07 i dag meldte Vest politidistrikt at nødetatane rykka ut til ei trafikkulukke på Filefjell. Ulukka skal ha skjedd ved nedre Smedalsvatnet. Førarane skal ikkje ha noko skade, og ambulansen rykka ikkje ut til staden.

– Det einaste er vel at dei stod utanfor bilen og fraus veldig, seier Byrkeland.

Det var heller ikkje store materielle skader på bilane, men dei vart henta med bergingsbil, og det var noko redusert framkome når det skjedde. 

Politiet kunne og melde at det var mykje vind og dårlig sikt på fjellet.

Til toppen