BEKYMRA: Eit hundretals norske fagbiologar er uroa over situasjonen for dei store rovdyra i Noreg, og har skrive under eit rovdyropprop.​ Foto: Wikipedia commons.
BEKYMRA: Eit hundretals norske fagbiologar er uroa over situasjonen for dei store rovdyra i Noreg, og har skrive under eit rovdyropprop.​ Foto: Wikipedia commons.

Biologar bekymra for rovdyra

Eit hundretals norske fagbiologar er uroa over situasjonen for dei store rovdyra i Noreg, og har skrive under eit rovdyropprop.

Årdal/Lærdal: Totalt er oppropet til politikarane på Stortinget signert av meir enn 500 personar, der mange av desse er universitetstilsette biologar, skriv Bergens Tidende.

– Viss vi ønskjer rovdyr også i framtida, må vi tenkje heilt nytt. I dag har vi ingen område eller nasjonalparkar der rovdyra er totalfreda. Vi treng område der bevaring av den opphavlege faunaen er det viktigaste målet, seier professor emeritus Harald Kryvi ved Universitetet i Bergen til avisa.

I konflikt med landbruksinteresser tapar omsynet til rovdyr og økologi nesten alltid, ifølgje biologane. Dei meiner bestandane er på eit minimumsnivå for kva som er nødvendig for å sikre ei berekraftig forvaltning og unngå innavl. Biologane vil ha område der bjørn, ulv, gaupe og jerv er totalfreda, og der landbruks-, jakt- og turistinteresser må vike.

I beitesesongen i fjor blei det gitt erstatning for ni sauetap i Sogn og Fjordane der gaupe var årsak til skadane. Harald Kryvi meiner kattedyret høyrer heime i vest, og håpar ein ny rovdyrpolitikk vil få gaupa tilbake til naturen i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Tenk om vi kunne få oppleve å møte på gaupe når vi ferdast i naturen. Det hadde vore fantastisk, seier han til BT. (NPK)

Til toppen