Biskopen: – Gudstenestene har låg oppslutnad, det er ei stor utfordring

Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin bispedøme, var svært begeistra over middelaldergudstenesta i Borgund stavkyrkje. Mykje bra arbeid blir gjort i kyrkja i Aurland og Lærdal, men at utfordringar finst, var han klar på.

Lærdal/Aurland: – Det var fantastisk å sjå ungane i middelalderdrakter og synga med dei. Veldig flott, seier biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug.

Denne veka har han vore på visitas i både Aurland og Lærdal.

Les også: Biskopen kjem til Indre Sogn

Tre dagar med stramt program vart avslutta på Borgund, der del 1 var middelaldergudsteneste med elevar frå skulane på Ljøsne og Borgund.

– Å gå inn i ei 840 år gamal kyrkje er i det heile svært spesielt – eg tenkjer på alle menneska som har gått inn og ut her opp gjennom tida, held Nordhaug fram.

MINNE: Biskop Halvor Nordhaug fekk eit originalt takspon frå Borgund stavkyrkje som minne under visitasen av driftssjef ved stavkyrkja, Håkon Li.
MINNE: Biskop Halvor Nordhaug fekk eit originalt takspon frå Borgund stavkyrkje som minne under visitasen av driftssjef ved stavkyrkja, Håkon Li.

Preikestolsaka: – Seier noko om at kyrkja er eit viktig hus

Inntrykket han sit att med etter sin visitas er generelt positiv.

– Overordna er det tydeleg at dette er to kommunar som er prega av ei sterk folkekyrkje. Oppslutnaden om dåp, vigsel, konfirmasjon og gravferd er stor, det same under gudstenester i høgtidene eller når det er spesielle arrangement. Kyrkja står sterkt i folk sin bevisstleik.

Han drog også fram at den store preikestolsaka på Tønjum seier noko om statusen til kyrkja i bygdene.

Les også: Her får dei vite om preikestolen skal inn att

Les også: Sjå kva som er tilbake etter to år i eksil

– Det vart jo reine folkeopprøret. Og det seier noko om at kyrkja er eit viktig hus der ting skal vera som det har vore.

Men, to bekymringsmeldingar hadde han likevel etter visitasen:

– Dei alminnelege gudstenestene har låg oppslutnad, det er ei stor utfordring.

– Kva kan eller bør gjerast med det?

– Det er ikkje så lett, men det kan handla om å alminneleggjera gudstenesta. Dei fleste i Noreg har ein kristen identitet, og me bør jobba for at trua folk bêr under skjorta får koma betre til uttrykk.

– Graset blir kanskje ikkje klipt så ofte på kyrkjegarden som ein skulle ønskja

SONG: Sokneprest Wenche Lie Lysne heldt gudstenesta, biskop Nordhaug, prost i Sogn Kjetil Netland (i grøn jakke) og sokneprest i Aurland, Jermod Hausberg (til høgre) song med.
SONG: Sokneprest Wenche Lie Lysne heldt gudstenesta, biskop Nordhaug, prost i Sogn Kjetil Netland (i grøn jakke) og sokneprest i Aurland, Jermod Hausberg (til høgre) song med.

Den andre bekymringsmeldinga gjekk på kommuneøkonomi.

– Kommunane er opptekne av godt samarbeid og ser kyrkja som ein viktig aktør for å byggja eit godt lokalsamfunn; det tykkjer me er veldig postitivt. Samstundes ser me at dårleg økonomi i først og fremst Lærdal fører til mindre midlar til kyrkja. Eg håpar den vanskelege tida er mellombels, men folk må nok forventa at graset ikkje blir klipt på kyrkjegarden så ofte som ein skulle ønskja, seier Nordhaug.

Siste post på programmet var eit møte der tilsette i skulen og lokale representantar frå kyrkja møttest på stavkyrkjesenteret for å diskutera samarbeid skule og kyrkje mellom.

Nordhaug forklara at det her var snakk om samarbeid på to plan; skulegudstenester på den eine sida og ei eventuell involvering frå kyrkja si side i KRLE-faget.

– I den grad de ønskjer å bruka oss. Faget er ikkje og skal ikkje vera forkynnande, men undervisande, sa Nordhaug.

Diskuterte skulegudsteneste

Den vidare diskusjonen vart dreiande hovudsakleg rundt skulegudsteneste. Sokneprest i Aurland, Jermod Hausberg, forklara at skulegudsteneste ikkje låg inne hjå dei.

– Me har vald å gjera det slik at i ungdomsskulen kjem klassevis i adventstida. Så er mellomsteg og småskule samla og deltek på sin måte; sist også med syriske flyktningar. Det viktige her er at det er klassa som gjeld – at det blir inkluderande. Slik er aurlandsmodellen, og den kunne nok få ein ny gjennomgang.

Rektor på Borgund skule, Torfinn Grøttebø, fortalde at heller ikkje dei har noko fast ordning med skulegudsteneste. Lærar ved skulen, Linda Uglenes Maristuen, stilte også spørsmål ved kor vidt skulegudstenester kunne vera splittande.

– Halvparten av mine elevar er ikkje medlemmar i kyrkja; skulegudstenester der nokon reiser og andre ikkje er ikkje inkluderande. Eg skjønar ikkje kvifor gudsteneste inn i skulen; de snakkar om almenn oppdraging, eg skjønar ikkje kva skulegudsteneste har med det å gjera.

Artikkelen held fram under biletet

DISKUTERTE: Skulegudstenester vart eit tema då biskop Nordhaug møtte tilsette ved skulane i Lærdal. Lærar Linda Uglenes Maristuen og rektor Torfinn Grøttebø nr. 2 og 3 frå venstre.
DISKUTERTE: Skulegudstenester vart eit tema då biskop Nordhaug møtte tilsette ved skulane i Lærdal. Lærar Linda Uglenes Maristuen og rektor Torfinn Grøttebø nr. 2 og 3 frå venstre.

Biskopen var, naturleg nok, ikkje heil samd i det.

– No er det ei politisk beslutning at ein skal kunne ha skulegudstenester; nokre meiner ein ikkje skal ha det, og så lenge det er sånn tenkjer at det viktige er ein fritaksrett. Einskilde er ikkje bekvemme med gudsteneste, og det er heilt greitt. Me lever i eit pluralistisk samfunn, og det kan ikkje vera slik at alle skal vera med på det same på alt heile tida. Så det er viktig for oss at me har eit samabeid om skulegudsteneste.

Monica Finden, for tida kyrkjeverje i både Aurland og Lærdal, sa det slik:

– Eg tenkjer både som kyrkjeverje og som mor at viss det var ein moskè her, hadde det vore spennande å læra om og sjå korleis er. Det handlar om å bevisstgjera.

Biskopen deltek også på gudstenesta søndag 26. mars klokka 11 i Vangen kyrkje i Aurland.

Til toppen