VISITAS: Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin bispedøme kjem på visitas i Aurland og Lærdal i mars. Foto:  www.kirken.no, CC BY 2.5
VISITAS: Biskop Halvor Nordhaug i Bjørgvin bispedøme kjem på visitas i Aurland og Lærdal i mars. Foto: www.kirken.no, CC BY 2.5

Biskopen kjem til Indre Sogn

For første gong på over 15 år vitjar biskopen Aurland og Lærdal

Aurland/Lærdal: – Sist gong biskopen kom til Aurland var i 2002, og Lærdal hadde vitjing av biskopen i 1995, altså over tjue år sidan. Så det er ikkje så ofte biskopen er her, seier Monica Finden, for tida kyrkjeverje i både Aurland og Lærdal.

Først skal biskop i Bjørgvin bispedøme, Halvor Nordhaug vera i dei to kommunane i tre dagar  – frå tysdag 21. mars til torsdag 23. mars. Då har han eit omfattande program, mellom anna beståande av:

  • Møter med tilsette i dei ulike, lokale sokna
  • Møter med kommunane
  • Møter med beredskapetatane
  • Skulegudsteneste i Borgund kyrkje og spørjetime med ungdomsskulen i Aurland
  • Føredrag om tradisjonsformidling og skule-kyrkjesamarbeid

Deretter reiser biskopen tilbake til Bergen nokre dagar for å skriva ei sokalla visitasmelding, før han kjem att og er delaktig under visitasgudstenesta 26. mars i Vangen kyrkje i Aurland.

– I tillegg til at dette er ei vanleg gudsteneste, talar biskopen her om sine tankar rundt det han har sett under visitas i kraft av at han har det overordna tilsyn med kyrkjene. Kva som er bra, mindre bra, kva som kan gjerast annleis og vegen vidare. 

 

Til toppen