ÅRETS ÅRDØL: Bjarne Sandvik fekk torsdag utdelt prisen Årets årdøl for sitt engasjement for skytesporten i Knipenborg skyttarlag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ÅRETS ÅRDØL: Bjarne Sandvik fekk torsdag utdelt prisen Årets årdøl for sitt engasjement for skytesporten i Knipenborg skyttarlag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Bjarne Sandvik er Årets årdøl

75-åringen fekk torsdag utdelt prisen som Årets årdøl.

Årdal: – Dette er stort. Eg set stor pris på denne. Det betyr at eg har ein stor venekrets som set pris på det eg driv med, seier Sandvik om prisen.

Sandvik har i mange år vore primus motor for laget sitt og blir av mange definert som «grand old man» og eit godt førebilete for unge og gamle. Han er ivrig på trening og deltek på mange stemne i heile landet. 

75-åringen har stått på for skytesporten heilt sidan 1970 og er framleis ein av dei mest aktive medlemane i Knipenborg skyttarlag. 

Svært aktiv

Han er ikkje berre aktiv på skytinga, men tar mykje ansvar for dugnad og vedlikehald  av bygningar, skivemateriell og uteområdet på Loi. Torsdag fekk han prisen utdelt med heile kommunestyret tilstades på Klingenberg hotell.

– Eg hadde ikkje rekna med at så mange var tilstades. Dette var ei stor overrasking, seier han om prisen, som han fekk vita om i førre veke då ordførar Arild Ingar Lægreid ringte han.

– Det gjekk ikkje heilt opp for meg, så eg var nøydd til å ringja opp igjen. 

Fekk ettertrakta medalje

Under NM i feltskyting tok han endeleg ein gjev medalje som han har vore ute etter i mange år. Dette var ein 21 medaljar som vart delt ut. 

I feltskyting skyt ein på blink, og i kvalifiseringa er det 30 skot. Der traff han på 29 og gjekk vidare til finalen. I finalen traff han på 11 av 12 skot, noko som gav medalje. 

– Denne har eg prøvd på i mange år. Eg har vore på landsskyttarstemne i 45 år og aldri fått tak i den. Eg var litt heldig og hadde dagen, smiler han.

Til toppen