FEKK PRIS: Bjørg Hovland har vore sentral i arbeidet med registrering og rekonstruksjon av bunad og drakter i midtre og indre Sogn i fleire tiår. No blir ho heidra med fylkeskulturprisen.
FEKK PRIS: Bjørg Hovland har vore sentral i arbeidet med registrering og rekonstruksjon av bunad og drakter i midtre og indre Sogn i fleire tiår. No blir ho heidra med fylkeskulturprisen. (Foto: Linda Watten)

Bjørg Hovland får fylkeskulturprisen

For sitt arbeid med bunad og folkedrakter, har Bjørg Hovland blitt tildelt fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane.

Luster: Fylkeskulturprisen for 2019 har blitt tildelt Ann Lundekvam frå Gaular og Bjørg Hovland frå Luster.

Dei får prisen for langvarig og stort arbeid med å ta vare på og føre vidare kunnskap om drakt- og bunadstradisjonar i fylket, går det fram av ei pressemelding.

Det er ikkje første gong Bjørg Hovland får ein gjev pris for arbeidet sitt. I fjor sommar fekk ho Kongens fortenestemedalje.

Hovland har vore sentral i arbeidet med registrering og rekonstruksjon av bunad og drakter i midtre og indre Sogn i fleire tiår. Ho har formidla kunnskapen sin om dette gjennom artiklar i både fagblad og bøker, og i tillegg har ho leia kurs i bunadssaum og hovudplagg.

I 2014 gav ho ut boka «Folkedrakter og bunader frå Sogn» på Skald forlag der ho formidlar kunnskap om bunader og klede, stofftypar og mønster, lokale skikkar, og historisk utvikling, alt nøyaktig dokumentert med teikningar, mønster, fotografi, kjelder, stadnamn og årstal. 

Fylkeskulturprisen skal bli delt ut på fylkestinget i Sogndal 10. desember.

Til toppen