Sogndal: Stopparen kom til Sogndal frå Haugesund i 2013. Sidan har han spelt 103 kampar for laget og skåra 6 mål. No går turen no går vidare til Sarpsborg 08, det melder klubben på sine eigne nettsider.
– Sarpsborg er eit veldig godt lag. Eg håper me kan bygga på dei siste sesongene. Kvar gong eg har vore utpå Sarpsborg stadion med Sogndal, har det vore beintøft. Det har stort sett blitt til at me har forsvart oss i 90 minutt, sier han til nettsida.

Sportssjef Thomas Berntsen i Sarpsborg har ifølgje klubben følgt Utvik over fleire år.
– Utvik er ein ung, men erfaren midtstoppar. Det er imponerande med over hundre kampar på dei to øvste nivåa, med tanke på alderen. Han er veldig strukturert og profesjonell i det han gjer. Ein kompromissløs stoppar, enkelte gangar faktisk litt i overkant, seier Berntsen.
Sarpsborg-kaptein Sigurd Rosted signerte tidlegare i januar ein treårskontrakt med belgiske Gent. Utvik blir ein av fleire stopparar som skal kjempa om å fylla tomrommet etter stjernestopparen.
– Dette er litt opp til Bjørn Inge sjølv Han kjem inn i ein tøff konkurransesituasjon, men me veit alle korleis det har gått med Sigurd Rosted og Jakob Glesnes, seier Berntsen.
Høyr kva Bjørn Inge Utvik sjølv tenkjer om klubbytet her (video med løyve frå Sarpsborg 08):