NØGD: Styreleiar Yngve Hallén er nøgd med at Bjørn Lødemel takka ja til stillinga.
NØGD: Styreleiar Yngve Hallén er nøgd med at Bjørn Lødemel takka ja til stillinga.

Bjørn Lødemel ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd

Det kjem fram fram i ei pressemelding.

Sogn og Fjordane: – Eg er svært glad for sjansen til å arbeide for næringslivet i Sogn og Fjordane i ei så spennande stilling, seier Lødemel i pressemeldinga.

Lødemel har vore sjølvstendig næringsdrivande og har lang fartstid i politikken, mellom anna som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre og stortingsrepresentant i åtte år.

I tillegg har han vore ordførar i Hornindal frå 1995 til 2009. 

– I mange år har eg reist rundt i fylket og sett kor kreativt, allsidig og offensivt næringsliv vi har, og eg ønskjer å bidra til vidare vekst og positiv utvikling.

Skal vere ei sterk og klår stemme

Som dagleg leiar, vil Lødemel ha kontorstad i Førde, men han vil bruke mykje av tida si på å besøkje næringsdrivande, bedrifter og næringslivsorganisasjonar i heile Sogn og Fjordane.

– Eg vil vere ei sterk og klår stemme frå næringslivet, både ovanfor statlege styresmakter og politiske organ på alle nivå, seier Lødemel.

Arbeidet med å bygge ein sterk og slagkraftig næringslivsorganisasjon, som har stor politisk gjennomslagskraft, vil vere ei prioritert oppgåve.

Nøgd med tilsetjinga


Yngve Hallén, styreleiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, er godt fornøgd med at Lødemel takka ja til stillinga.

– Det er kjekt å få med Bjørn Lødemel på laget. Han kjenner næringslivet på Vestlandet godt og vil vere ein god ressurs for våre medlemmar.

– Hans nettverk og erfaring frå 22 år som ordførar og stortingsmann, hans evne til å bygge organisasjon og tenke utvikling, vil komme godt med i næringsrådet. Det er eit samla styre som ønskjer han velkommen.

Lødemel begynner i jobben 1. desember 2018.

Til toppen