BJØRN TEK MEST: Tal frå Miljødirektoratets Rovbase syner at bjørnen har drepe langt fleire sauer enn ulv, jerv, gaupe og kongeørn denne sesongen.​ 
BJØRN TEK MEST: Tal frå Miljødirektoratets Rovbase syner at bjørnen har drepe langt fleire sauer enn ulv, jerv, gaupe og kongeørn denne sesongen.​ 

Bjørnen tek fleire sau enn ulv og jerv

Tal frå Miljødirektoratets Rovbase syner at bjørnen har drepe langt fleire sauer enn ulv, jerv, gaupe og kongeørn denne sesongen.

Indre Sogn: Talet på sauer som er drepne av bjørn har auka med 23 prosent, samstundes har tala på ulveangrep mot sau blitt redusert med 53 prosent, skriv Nationen.

Ifølgje Rovbase per 8. august var 213 sau drepne av bjørn mot 164 på same tid i fjor. Tala på ulveangrep syner derimot at 381 blei drepne i fjor mot 178 i år. Jerveangrep mot sau har blitt redusert med 60 prosent frå same tid i fjor.

Regionalt rovviltansvarleg Espen Bø i Statens naturoppsyn (SNO) i Lom i Oppland fylke, seier at tala er ein positiv nyheit, men minner om at det er førebelse tal.

– Det viktig å presisere at tala er førebels. Det kan også ta nokre dagar før alle påviste rovviltskadar er i Rovbase, seier Bø til Nationen. (©NPK)

Til toppen