STRIDSSAK: Korleis fylkeskommunen kan disponera kraftaksjane i Sogn og Fjordane Energi blir tema i lagmannsretten tysdag.
STRIDSSAK: Korleis fylkeskommunen kan disponera kraftaksjane i Sogn og Fjordane Energi blir tema i lagmannsretten tysdag. (Bilde: Halvor Farsund Stovik)

BKK meiner fylkeskommunen prøver å omgå avtalar dei sjølve har inngått

Kraftgiganten skrur opp tenningsniåvet dagen før ankesaka startar.

Bergen: BKK meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune nyttar domstolen for å omgå avtalar dei sjølve har inngått. Det skriv BKK i ei pressemelding måndag.

Dette er saka:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommunen ønskjer å gje vekk 80 prosent av aksjane dei har i Sogn og Fjordane Energi til kommunane i fylket.
  • Slik håper politikarane at kraftverdiane skal bli verande att i fylket etter samanslåinga med Hordaland.
  • BKK meiner derimot at dei har førsteretten til å kjøpa aksjane frå fylkeskommunen, og at denne retten blir utløyst om fylkeskommunen prøver å kvitta seg med dei.
  • Fylkesutvalet saksøkte i februar i fjor BKK, for at domstolane skulle avgjera kven som hadde rett.
  • Sogn og Fjordane tingrett gav i oktober fylkeskommunen medhald i at dei har lov til å overføra aksjane til kommunane. Dommen vart anka, og ankesaka startar i Gulating lagmannsrett tysdag.
  • BKK har hovudkvarter i Bergen, og er eigd av Statkraft (49,9 prosent), Bergen kommune (37,8 prosent) og 16 andre kommunar.
  • Gulen og Høyanger eig til saman 0,39 prosent av BKK. Dei er dei to einaste eigarkommunane frå Sogn og Fjordane.
  • Sogn og Fjordane Energi er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune (49,6 prosent), BKK (36,6 prosent) og sju kommunar, alle frå Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ønskjer å kunna gje vekk eigarposten dei har i Sogn og Fjordane Energi til kommunane i fylket, før samanslåinga med Hordaland. BKK meiner derimot det vil utløysa forkjøpsretten dei har.

– Forkjøpsretten til aksjane i Sogn og Fjordane Energi er avtala i aksjonæravtalen mellom eigarane og er ein del av SFE sine vedtekter. I tillegg er forkjøpsretten nedfelt i aksjelova, skriv dei.

Kraftig usemje

I februar i fjor gjekk Sogn og Fjordane fylkeskommune til søksmål mot BKK. Målet var å få ei rettsleg avgjering på stridsspørsmålet dei to imellom.

Tingretten gav fylkeskommunen medhald i oktober, medan ankesaka startar i lagmannsretten tysdag.

– I lagmannsretten vil BKK argumentera for frifinning, fordi overdraginga vil utløysa forkjøpsrett dersom ho blir iverksett. Dette skuldast mellom anna at fylkeskommunen si planlagte transaksjonsrekke er ei klar omgåing av inngåtte avtalar og reglane om forkjøpsrett, seier konserndirektør i BKK, Tonny Nundal i pressemeldinga.

Han reagerer òg på framstillinga av at Sogn og Fjordane står i fare for å mista kraftmilliardar.

– Det er ikkje slik at nokon kjem og røvar verdiane i Sogn og Fjordane. Verdiane vert halde ved lag gjennom vidare eigarskap i SFE eller ved at kommunane kan selgje aksjane til marknadspris, seier konsernsjefen.

 
Til toppen