NØGD SENTERLEIAR: Omsetningsrekord og besøksrekord vart fasiten for Amfi Sogningen etter at «Black Friday» var over for i år. Foto: Amfi Sogningen.
NØGD SENTERLEIAR: Omsetningsrekord og besøksrekord vart fasiten for Amfi Sogningen etter at «Black Friday» var over for i år. Foto: Amfi Sogningen. (Foto: Pressefoto)

«Black Friday»: Sogningane kjøpte julegåver for 6,7 millionar kroner

I Sogndal gjekk folk mann av huse på den store shoppingdagen, medan senterleiaren sjølv enno ikkje har kjøpt ein einaste presang.

Sogndal: Kjøpesenteret Amfi Sogningen i Sogndal sette ny omsetningsrekord på «Black Friday», årets store handledag. Førre rekord var på seks millionar kroner og vart sett under nyopninga i 2012.

Ein som derimot ikkje gjekk berserk blant alle tilboda denne dagen, var senterleiaren sjølv. Han har enno ikkje starta julehandelen.

– Eg planlegg å ta den på ein søndag, for då er det rolegast, men til no har eg ikkje kjøpt ein einaste presang. Vi får sjå om eg ikkje blir springande rundt på senteret på julafta, slik som alle dei andre mannfolka, seier Wilhelm Tangerud. 

Les også: – Handel lokalt, skap arbeidsplassar
Les også: Ekspertar trur på uendra volum i julehandelen

Senterleiaren fortel at dei hadde 15.000 besøkande kundar innom dørene i løpet av fredagen, medan det var 21.200 betalande kundar. Begge deler er ny rekord.

– Det var utruleg morro. Femten prosent av fylket var innom den dagen, seier Tangerud, som opplyser at dei har radarar ved alle inngangsdørene for å halde styr på kundane.

– No blir det spanande å sjå korleis dette påverker resten av julehandelen. I fjor hadde det ikkje nokon stor effekt, handelen etter «Black Friday» vart ganske lik. Vi håper på det same i år, seier Tangerud.

Til toppen