SafeSound UB, service og samferdsel ved Årdal vidaregåande skule. Foto: Privat

Blant dei beste i NM

SafeSound UB stakk av med andreplass i klassen ”Beste yrkesfaglege bedrift”. 

Alle som har forsøkt å ta seg gjennom en tett folkemasse i en nødsituasjon, forstår at produktet som bedriften på 2. plass har utviklet, rett og slett kan redde liv.
 

- juryen

Ungdomsbedrifta SafeSound UB frå service og samferdsel ved Årdal vidaregåande skule deltok på noregsmeisterskapen for ungdoms- og studentbedrifter i Lillestrøm torsdag. I si gruppe måtte SafeSound UB sjå seg slått av ei anna ungdomsbedrift frå Sogn og Fjordane; Westtip Supplies UB frå Eid vidaregåande skule.

– Me er fornøgde med innsatsen vår, seier dagleg leiar for ungdomsbedrifta, Helena Andersen Hollevik (17) på telefon til porten.no rett etter prisutdelinga.

Juryen si grunngjeving

Då klokka synte 15.00, samla elevar og lærarar seg til prisutdeling på Norges Varemesse. Då det vart tid for utdeling av prisar i gruppa for ungdomsbedrifter frå dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, var det nokre nervøse årdøler som venta på dommen.

Artikkelen held fram under biletet.

Elevane bak SafeSound UB syner fram produktet som kan redde liv. Her frå standen under NM i Lillestrøm.
Elevane bak SafeSound UB syner fram produktet som kan redde liv. Her frå standen under NM i Lillestrøm.

Safe Sound har utvika eit i armband som er ein blålysalarm som skal hjelpa helsepersonell å koma seg fortare fram i store folkemengder ved hjelp av eit lys som blinker og ein høg lyd. Denne kan nyttast under kriser, og er noko verda aldri før har sett maken til. 

LES OGSÅ: Prisdryss og gullbillett til NM

Juryen seier dette om SafeSound UB:

Bedriften har tatt et kjent konsept og overført det til en ny og viktig arena. Den har alliert seg med viktige samarbeidspartnere og kommet langt i utviklingen og testingen av produktet. Systemet deres viser seg å fungere godt i praksis. Bedriften viser stor tro på eget produkt, og er flinke til å synliggjøre viktigheten av det. Alle som har forsøkt å ta seg gjennom en tett folkemasse i en nødsituasjon, forstår at produktet som bedriften på 2. plass har utviklet, rett og slett kan redde liv.
 2.plassen går til: SafeSound UB fra Årdal videregående skole i Sogn og Fjordane.

Vegen vidare

Ungdomane bak SafeSound ynskjer å fortsetje arbeidet med produktet, og har planane klare for tida framover.

– No blir det å setje seg ned med Årdal Utvikling og planlegge vegen vidare, seier Andersen Hollevik.

På spørsmål om korleis tida med SafeSound har vore, fortel den unge daglege leiaren om ei veldig lærerik tid, og om utfordringane med å knytte til seg eit stort nok nettverk. Elevane har lagt ned mykje innsats i dette prosjektet, og fått med seg betydningsfulle samarbeidspartnarar som Teknologisenteret, Polarlys AS og Årdal Utvikling.

At SafeSound er eit etterlengta produkt hjå målgruppa som arbeidar i helsesektoren og i store folkemengder, har ungdomsbedrifta fått bekrefta frå fleire hald.

Frå standen til SafeSound UB under NM i Lillestrøm.
Frå standen til SafeSound UB under NM i Lillestrøm.
Til toppen