STERK TID: Eirik Kinserdal sykla inn til 6.plass og den 15.beste tida som nokon gong har vore på Sognefjellrittet: Foto: Leif Magne Kinserdal
STERK TID: Eirik Kinserdal sykla inn til 6.plass og den 15.beste tida som nokon gong har vore på Sognefjellrittet: Foto: Leif Magne Kinserdal

Blant dei beste tidene i Sognefjellrittet nokon gong

Eirik Kinserdal (17) sykla inn til 6.plass under Sognefjellrittet – den 15.beste tida i historien.

Årdal/Sogndal: – Det var varierande tilhøve. Medvind i starten, men kaldt og regn over Sognefjellet. Det var ikkje så mange med, så me køyrde bra me som deltok, seier Eirik Kinserdal.

Sognefjellrittet går frå Lom til Sogndal etter at Jotunheimen rundt er unnagjort. Kinserdal sykla det 137 kilometer lange rittet på tre timar, 50 minuttar og 44 sekundar. Det heldt til 6.plass og altså 15.beste tida nokon gong.

Med andre ord var det sterke prestasjonar over Sognefjellet ettersom dei seks beste kom inn blant dei 15 beste tidene nokon gong i rittet. Ingen har kome så høgt på denne lista sidan 2012.

Tour de Hallingdal og NorgesCup

Likevel meiner 17-åringen han framleis ikkje er heilt på topp formmessig.

– Det var heilt greitt. Eg har ein del å gå på på enno.

Neste på programmet for Kinserdal er Tour de Hallingdal, eit etapperitt frå 7. til 10. juli.

– Eg satsar på å køyra godt og prøva å få til noko bra der.

Vidare er det klart for ny NorgesCup i landevegssykling i Trøndelag første helga av august. Då satsar Kinserdal på å ha funne toppformen.

– Eg skal trena bra fram mot den.

Til toppen