SJELDANT SYN: Han er på ei eksklusiv liste over vindruedyrkarar i Norge. Her på Slinde fann Bjørn Berge staden han hadde leita etter.
SJELDANT SYN: Han er på ei eksklusiv liste over vindruedyrkarar i Norge. Her på Slinde fann Bjørn Berge staden han hadde leita etter.

Blant druerankene ved Sognefjorden lever han ut ein gamal draum

Det er fotograf han er, men Bjørn Bergum (63) har alltid hatt grøne fingrar. Likevel trengte han eit spark bak før han torde å realisera draumen.

Sogndal: For to år sidan gjekk dei første plantene i jorda. No er Bjørn Bergum i ferd med å byggja seg opp eit aldri så lite drueimperium utanfor Sogndal.

På Slinde vingard har han 1100 druestokkar og 51 forskjellige sortar lunt plassert oppunder nokre bergknausar. 

– Eg har planta druer oppetter murar og loveveggar i alle år. Sambuaren min sa at: «no må du slutta med det der og finna ein plass der du kan få draumen realisert», seier Bergum, som er fotograf av yrke. 

Slik byrja leitinga etter den perfekte plassen.

FØLGDE DRAUMEN: Bjørn Bergum der han trivst best, blant blømande vinrankar på Slinde. Det skulle gå over seksti år før fotografen torde å følgje draumen.
FØLGDE DRAUMEN: Bjørn Bergum der han trivst best, blant blømande vinrankar på Slinde. Det skulle gå over seksti år før fotografen torde å følgje draumen.

Jakta på det idelle klimaet

Han har budd heile livet i Sogndal, så han visste kvar han skulle byrja. Då var det å saumfara kvar knaus innover fjorden, frå ferjekaia ute ved Hella og heilt inn til Slinde. 

I FULL BLOMST: Blomstringa føregår i mai og juni. Det er tidleg for vindruer så langt nord. – Me har mindre varme, men meir lys enn på kontinentet. Det kompenserer ein del og gir ein spesiell aroma til drua, seier Bergum.
I FULL BLOMST: Blomstringa føregår i mai og juni. Det er tidleg for vindruer så langt nord. – Me har mindre varme, men meir lys enn på kontinentet. Det kompenserer ein del og gir ein spesiell aroma til drua, seier Bergum.

Her fann han det han hadde leita etter.

– Her opnar fjorden og landskapet seg med eit kjempebasseng. Du har milde vintrar og samtidig får du litt av innlandsklimaet. Eg såg opp mot skogen og tenkte: Jøsses, her oppunder var det mykje stein og berg og greier. Hamrar. Svære hamrar som magasinerer varmen. Det er viktig. På slike dagar som i dag blir dei glovarme. Og då gir dei varme heile natta. Det er slike mikroklima du må finna, seier Bergum.

No stod det berre att å snakka med dei som eigde grunnen. Det viste seg å vere ein barndomskamerat. Kontrakten vart ordna muntleg. 

– Me liker at det ser stelt ut, så der kan du få lov til å driva som du vil, var omtrent innhaldet.

Jobb for to

Då var Bergum ein glad mann.

LUNT: Gradestokken viser at temperaturen har vore oppe i nesten 32 grader i skyggen den dagen. 
LUNT: Gradestokken viser at temperaturen har vore oppe i nesten 32 grader i skyggen den dagen. 

– Å pina deg! Du veit, eg kjøpte meg to stikksager på Felleskjøpet same dag. Så gjekk eg laus og saga ned heile greia her. Me måtte ha motorsag på noko av det, for det var berre skog. Me har sikkert vintraved i ein fem-seks år framover. Men for ein plass, fyttirakkarn. Her blir det litt slik «Piemonte-Slinde». Ved foten av fjellet, seier Bergum. 

Meininga var å byrja i det små, men det balla fort på seg. Det gjekk ikkje lenge før ein ny avtale var i boks, med ho som eigde jordstykket attmed. Nye planter gjekk i jorda og arbeidsmengda auka på.

Då var ekstra hender gode å ha. Bergum er takksam for at sambuaren Halldis Nedrebø har hjelpt han å realisera draumen.

– Det hadde vore heilt umogleg viss me ikkje var to, seier han.

TRENG MYKJE STELL: Med ein slik varme vi har no går det med mykje vatn. Førebels må jobben gjerast for hand.
TRENG MYKJE STELL: Med ein slik varme vi har no går det med mykje vatn. Førebels må jobben gjerast for hand.

Drøymer om eigen etikett

Chardonnay, Merlot, Pinot, Cabernet er blant sortane Bergum har planta. Dei velklingande namna avslører òg kva som er målet med alt strevet. Draumen er å få halda ei ferdig flaske i handa, med ein fin etikett som fortel at det er norskproduserte dråpar det er snakk om.

Førebels er det eit stykke fram dit. 

EKSKLUSIVT: Merlot er berre ein av 51 sortar det er funne plass til.
EKSKLUSIVT: Merlot er berre ein av 51 sortar det er funne plass til.

– Me har fått alkohol ut av det, i allefall, he he. Eg er jævla god til å dyrka druer, men ikkje like flink til å laga ein god vin av det, seier Bergum. Som allereie har meldt seg på kurs for å tette det holet i kompetansen.

Uansett har han fått dei svara han treng. I fjor tok han ut seksti kilo druer frå førti planter. I det som skulle vere eit dårleg år. Denne sesongen verkar enno meir lovande.

Eigentleg er det uhøyrt å hausta av druene før plantene er tre år gamle. Åtvaringane har vore mange frå kollegaer som meiner at dei ikkje vil tola påkjenninga. Bergum er ikkje uroa. 

– Eg har snakka med drueplantene mine og dei seier at dei har det bra. Så dei blir fine neste år, seier han. 

Får ikkje selje vinen, enno

I Norge er alkohollova i ferd med å bli mjukna opp. Snart vil det bli lov å selja fruktvin direkte frå gardane som produserer det. Men oppmjukinga gjeld ikkje vin frå druer. Bergum kan ikkje anna enn å smila.

– Eg forstår godt at franskmenn og italienarar fryktar konkurranse frå Slinde vingard, he he. Svenskane har det same problemet. Det blir vel som det brukar vera. Svenskane må gjera noko med det først, så kjem me etter, seier han.

Førebels er det berre ein hobby, etter kvart blir dei nøydde til å tenkja økonomi. Å invitera på vingardsbesøk er ein av tinga dei vurderer å satsa på. 

– Då har du i det minste lov til å servera vin til gjestene på staden, seier Bergum.

Alt er bygd opp med midlar frå eiga lomme, utan ei offentleg krone i støtte. Ikkje fordi det manglar vilje til å hjelpa. Det er berre slik det blir når det kriblar for mykje i fingrane etter å setja i gong.

– Me har hoppa bukk over alle dei greiene der. Me har berre gjort det. Og du kan ikkje sitta i møter med Innovasjon Norge når druene seier dei har behov for deg. Det andre får komme seinare, seier Bergum.

IDYLL: Når du har funne paradis, då er det på sin plass å byggje ein port.  
IDYLL: Når du har funne paradis, då er det på sin plass å byggje ein port.  
Til toppen