ER SPENTE PÅ ÅRETS NASJONALPARKFESTIVAL: Som arbeidsleiar i Utladalen naturhus ser Åsmund Nordgulen til landskapsvernområdet omkring der. Rigmor Solem er friviljug engasjert i same stiftinga. Nasjonalparkfestivalen er ein hyllest til Jotunheimen, som omkransar Utladalen.
ER SPENTE PÅ ÅRETS NASJONALPARKFESTIVAL: Som arbeidsleiar i Utladalen naturhus ser Åsmund Nordgulen til landskapsvernområdet omkring der. Rigmor Solem er friviljug engasjert i same stiftinga. Nasjonalparkfestivalen er ein hyllest til Jotunheimen, som omkransar Utladalen. (Foto: Snorre Sandemose)

Sigrid Moldestad skal spela i det fri i Skåri på årets nasjonalparkfestival i Årdal

I år skal fjøsbluesen vera ein del av nasjonalparkfestivalen, som dermed vert lagt opp mot Sankthans. Og so skal det vera utandørskonsertar i Skåri i år.

Årdal: – Avslutningskonserten med Sigrid Moldestad vil passa bra i landskapet. Folkemusikken hennar er som skapt for den dramatiske vestlandsnaturen, seier Rigmor Solem.

FELE OG VOKAL: Sigrid Moldestad i Årdal kulturhus. No kjem ho attende til Årdal, denne gong for open himmel i pakt med naturen.  Foto: Ina Eirin Eliassen

Ho er friviljug i stiftinga Utladalen naturhus og ein av arrangørane til Nasjonalparkfestivalen som skal gå av stabelen i årets midtsumarnattshelg.

Sigrid Moldestad skal halda midtsumarnattskonsert midt i fagre Jotunheimen, i Skåri. 

Her har det vore mange minnerike konsertar på målrock før om sumrane. 

– Eg hugsar då Mari Boine var der og spela mellom elv, fossar og stupbratte fjell. Det var ein slik flott hyllest til naturen, seier Rigmor Solem.

Og ho seier det er nett det denne Nasjonalparkfestivalen handlar om.

– Det er ein festival for å heidra all den vakre naturen i Jotunheimen.

Aldri før har nasjonalparkfestivalen vore arrangert i samband med årets lysaste natt. Sigrid Moldestad skal spela i det Sankthanskvelden har sige inn, etter at det har vore familiedag med mange slag aktivitetar gjennom den dagen.

SKAL SPELA FYRSTE KVELDEN: Frida Hunshammer er eitt av dei lokale talenta som skal spela medan sankthansbålet sprakar i Skåri. 

Men sjølv om Moldestad får spela der ute i midtsumarnatta, vil det ikkje brenna noko storbål i Skåri den kvelden.

Festivalen skal nemleg tjuvstarta og kveikja sankthansbålet alt fyrste festivalkvelden. 

Lokale talent får spela i Skåri fredagen

Opningskvelden får talent frå bygda sleppa til med småkonsertar: Monica Hjelle, Beatrice Juskaite, Frida Hunshammer og kanskje nokre fleire unge, lokale musikarar vil stå på programmet. 

SKAL SPELA FREDAGS KVELDEN: Monica Hjelle skal syngja for sumarpublikumet i Skåri fredagen før midtsumar.  Foto: Kaja Nygård

Deretter vil Flugisane syta for Santkhansfesten utover kvelden medan bålet brasar og brenn, slik at festivalfolket ikkje søv bort heile denne sumarnatta. 

Det vert sett opp buss til og frå Skåri både frå Øvre Årdal og frå Årdalstangen. 

Fjøsbluesen 

I tillegg til konsertane i Skåri og sankthansbålet er det ei tredje nyvinning på årets nasjonalparkfestival. Det er at fjøsbluesen vil inngå i han.

Aldri før har dei to festivalane gått hand i hand, men det skal dei gjera i år.

SKAL OPPTRE PÅ SKÅRI HO ÒG: Beatrice Juskaite er eitt av tre unge talent som so langt er klare til å spela i Skåri på opningskvelden til Nasjonalparkfestivalen.  Foto: Youri van der Werve

Det er difor årets nasjonalparkfestival er lagt til i sankthanshelga. Fjøsbluesen vert nemleg alltid arrangert den helga som ligg tettast opp mot sankthans. 

– Fjøsbluesen i år har alt hatt mange tingingar. Det lovar veldig godt so langt, seier seier Åsmund Nordgulen i Utladalen landskapsverneområde.

Han er ein av arrangørane, og han trur den store pågangen dels kan koma av det populære programmet om Utladalen som gjekk i fjernsynet for ei lita tid sidan. 

– Det kjem til dømes ei heil gruppe frå Oslo til årets festival gjennom Den norske turistforening, seier Nordgulen.

Fjellturar skal føra fram mot fjøsblues

På dagtid laurdagen vert det arrangert fleire forskjellige fotturar i vakre dalføre. 

– Eg håpar på godt vêr under festivalen. Eg må innrøma at eg er litt spent på vêret, seier Nordgulen.  

Men same korleis vêret vert, so trur han fossane vil stå fram i all si prakt på desse turane. Han meiner at Hjellefossen, Avdalsfossen og Vettisfossen er so mektige og fagre å møta på ute i det fri at ikkje noko styggevêr kan stagga gleda av å sjå dei. 

Felles for fleire av turalternativa er at dei vil munna ut i Avdalen. Og so, når folk er framkomne og skal kvila trøytte bein, får dei altso nyta av fjøsbluesen, etter å ha vore med på ein quiz og lytta til ein trubadur fyrst. 

Til toppen