PÅLITELEG: Statistikk frå NVE syner at Årdal Energi er eit av dei mest pålitelege selskapa når det gjeld langvarige straumbrot. Det er naturlegvis Jørgen Luggenes og Edvard Holsæter glad for. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
PÅLITELEG: Statistikk frå NVE syner at Årdal Energi er eit av dei mest pålitelege selskapa når det gjeld langvarige straumbrot. Det er naturlegvis Jørgen Luggenes og Edvard Holsæter glad for. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Blant Noregs mest pålitelege energiverk

Statistikk frå NVE syner at Årdal Energi er eit av dei mest pålitelege selskapa når det gjeld langvarige straumbrot. 

Årdal: Det er den årlege avbrotstatistikken som fortel dette. Ifølgje Distriktenes energiforening (Defo) er det Hemsedal Energi som er mest påliteleg, og like bak følgjer Årdal Energi på andreplass.

– Det er sjølvsagt veldig positivt. Me har hatt eit fokus på nett, og det har me hatt i mange år, seier e-verksjef Jørgen Luggenes. 

Investerer heile tida

Årdal Energi KF er eigd av Årdal kommune og har eksistert sidan september 1933 i ulike selskapsformen og med ulike namn. 

– Me prøver å forsterke, fornya og reinvestera i nettet heile tida slik at det skal vera best mogleg, held Luggenes fram. 

– Det har vore ein del fokus på det i denne bransjen – at ein skal driva kostnadseffektivt. Me har sjølvsagt det me også, men i tillegg har me fokus på god drift av nett. Det er viktig for oss å vere best her slik at kundane skal ha straum heile tida.

Små og mellomstore best

Av lista til NVE går det tydeleg fram at det er dei små og mellomstore kraftselskapa som hevdar seg best. På ein 10. plass finn ein eit av dei større selskapa i Hafslund. 

Tidlegare i år vart det vedteke at det skulle vera eit funksjonelt og selskapsmessig skilje i alle kraftselskap, noko som spesielt for dei minste selskapa vil vere fordyrande og kan tvinge fram samanslåingar. 

– Men det fungerer godt å vera liten, utan tvil. Det har me sett i mange år, og ein ser det òg i andre bransjar som til dømes med bankar. Det er ikkje om å gjera å vera stor for å vera god, held everksjefen fram.

Lokalkunnskap

Edvard Holsæter er leiar for nett i Årdal Energi, og han forklarar kvifor det løner seg å vera liten.

– Me har god oversikt over våre eigne nett og sit med lokalkunnskap. Alle kan nettet i hovudet, og me kan senda folk ut utan at dei må bruka ein dag på å leite seg fram. 

Til toppen