BEREKRAFTIG: Utsynet frå Torsteinen mot sentrum og fjorden blir mykje brukt i marknadsføringa av Lærdal som reisemål - no kan også kommunen smykka seg med tittelen «blant verdas hundre mest berekraftige». Arkivfoto: Åsmund Lysne Hunderi  

Blant verdas hundre mest berekraftige reisemål

Borgund stavkyrkje, Kongevegen, Gamle Lærdalsøyri, miljøvennleg kraftproduksjon og god søppelhandsaming er grunnane til at Lærdal kjem på den eksklusive lista.

Lærdal: – Det er veldig lett å vera bodbringar, med så gode ressursar i ryggen. Men mykje av grunnen til at me kom med er nok at me alt har fått den norske nasjonale merkinga to gonger, seier Helene Maristuen, som har vore prosjektleiar for berekraftig reiselivsprosjektet i Lærdal.

Les også: – Lærdal er i eliteserien

«Lærdal jobbar godt for å beskytta landskap og naturområder, men også for å bevara kulturarv som Borgund stavkyrkje frå 1150, den gamle «bydelen» på Lærdalsøyri - med 160 trebygningar og Kongevegen frå 1792.»

Artikkelen held fram under biletet

LØFT: Saman med stavkyrkja og Gamle Lærdalsøyri er Kongevegen - som har vorte rusta opp dei siste åra - nemnd som hovudgrunnane til at Lærdal er på lista over verdas hundre mest berekraftige reisemål. Arkivfoto

Slik grunngjev «Green Destinations» - ein global samanslutnad for ansvarleg reiseliv - at Lærdal har kome på kartet over dei hundre mest berekraftige reisamåla i verda.

– Me kjem til å få fleire gjester av dette

Berre Geilo og Svalbard har same status i Noreg. Ser ein på heile Norden er det snakk om fem destinasjonar - dei tre norske og Åre og Sigtuna i Sverige.

Les også: Dette utsynet er «krydder» for reiselivssatsinga her..

– Me har fått løfta den fantastiske, vakre Kongevegen vår dei siste åra. Så er stavkyrkja det ultimate symbolet på bærekraft. I tillegg har alle dei største reiselivsverksemdene miljøsertifisering - Lindstrøm og Lærdal Hotell, stavkyrka og Sanden Pensjonat, seier Maristuen.

Artikkelen held fram under biletet

EKSKLUSIV: Berre Geilo og Svalbard har fått same status i Noreg. Merket oppe til venstre i biletet er provet på statusen og noko verksemder i Lærdal no kan nytta i marknadsføringa. Skjermdump: Green Destinations 

Eit anna poeng «Green Destinations» dreg fram som den jamne lærdøl eller sogning gjerne ikkje tenkjer over er god handsaming av søppel: «Regionen er godt organisert i avløps– og avfallshandtering», står det. Dette gjeld altså ikkje berre Lærdal, men heile regionen

– Simas er miljøsertifisert og var veldig tidleg ute med å merka kildesorteringa på engelsk og etter kvart tysk. Eit så lite grep har mykje å seia når me snakkar om nitti tusen gjestedøgn i Lærdal kvart år, seier Maristuen.

– Kjem det fleire turistar til Lærdal når ein no har kome opp på kartet over verdas hundre mest berekraftige reisemål?

– Eg er overtydd om at me berre har sett byrjinga på dette med berekraft. Dette er ei stor sak på den politiske agendaee globalt no og Innovasjon Norge melder blant anna om at berekraft vil bli ein premiss for å få stønad derifrå. Så ja, me kjem til å få fleire gjester av dette. 

Til toppen