FØRSTE DAG: – Eg vart nesten litt blaut i auga då eg gjekk ut frå fabrikken i går, fortel Hilmar Høl, som no ser fram til å setja i gang med planane for ordførarperioden.
FØRSTE DAG: – Eg vart nesten litt blaut i auga då eg gjekk ut frå fabrikken i går, fortel Hilmar Høl, som no ser fram til å setja i gang med planane for ordførarperioden. (Foto: Synne Asheim Haga)

Blaut i auga og litt stressa før første dag i ordførarstolen

Torsdag overtok Hilmar Høl ordførarklubba frå Arild Ingar Lægreid. – Å bli ordførar i ei bygd du elskar, og forsøke å gjere bygda endå betre, er det største.

Årdal: Høl møtte tidleg på kontoret torsdag. Saman med avtroppande ordførar, førebudde han seg til kommunestyremøtet som starta klokka tolv. 

– Eg var litt stressa i hovudet. Eg møtte halv ni for å gjere ein best mogleg jobb. Arild Ingar ga meg nokre gode råd: ver heilt roleg, slapp av. Det kan du seie, sa eg til han, som har sete i 17 år, ler Høl, og trekker fram at Lægreid har vore ein fantastisk ordførar. 

Møtet gjekk greit, dei var ganske einige om sakslista på førehand. Det første han no har planlagt vidare, er å besøka alle områda i kommunen.

– Alle sektorane og alle institusjonane. Ikkje bli overraska om du ser meg bakpå bossbilen ein tysdag morgon.

For sjølv om han har vore politikar i 20 år, vil han gjere seg endå meir kjent med utfordringane i dei ulike områda.

– Om det er innan eldre, skule og barnehage, FTV eller uteavdeling, så har eg lyst til å treffa dei. Det må ikkje vera lange møter, men eg vil koma nærare innpå det dei driv med.

Blaut i augene då han forlot Hydro 

Moglegheita til å sitta i ordførarstolen hadde aldri kome utan kona, fortel Høl. Dottera Pia var to år då han starta med politikken, Runar var eitt, og Kine var enno ikkje fødd.

– Alt dette har Merete måtta styrt med når eg har reist land og strand på møter, og ikkje minst alle kveldene som har gått med til lokalpolitikken. Kanskje får eg litt meir heimetid no når eg kan vera heiltidspolitikar? 

I tillegg til familien, er ordføraren rask med å trekka fram arbeidsgjevaren gjennom 33 år. 

– Eg vart nesten litt blaut i auga då eg gjekk ut frå fabrikken i går. Hydro har gitt meg rammer til å driva poltikk, spesielt i stunder der det har vore utfordrande. Dei har vore ein fantastisk arbeidsgjevar.

Han vil også innom Arbeidarpartiet.

– For at eg faktisk blir vurdert til å leia eit fylkesparti og eit kommuneparti. Og at eg blir innstilt til sentralstyret - det var det største eg har vore med på før dette.

– Å bli ordførar i ei bygd du elskar, og forsøke å gjere bygda endå betre, er det største. Trur ikkje det blir større enn dette. Eg verdsetter det å bli ordførar større enn å sitte på Stortinget, sjølv om det hadde vore moro det også. 

Til toppen