MELD: Statens vegvesen stoppa ein førar i 20-åra utan gyldig førarkort. Saka vart meld til politiet.
MELD: Statens vegvesen stoppa ein førar i 20-åra utan gyldig førarkort. Saka vart meld til politiet. (Bilde: Illustrasjon)

Blei stoppa utan gyldig førarkort – opplyste om at han snart skulle ta oppkøyring

Politiet vil ikkje anbefala denne framgangsmåten i tida før oppkøyring.

Sogndal: Onsdag hadde Statens vegvesen kontroll med fokus på lys og beltebruk. Ein sjåfør i 20-åra vart stoppa for dårlege lys. 

Statens vegvesen ba føraren om å visa gyldig førarkort, men fekk seg ein snodig overrasking. 

– Føraren fortalde at han ikkje hadde teke førarkortet enno. 

– Men, føraren kunne melda at han hadde alt av køyreopplæring og skulle snart ha oppkøyring, seier Bjarte Frekaland, faggruppeleiar for utekontroll i Sogn og Fjordane vegvesen. 

Saka vart meld til politiet. 

Algrøy: – Ikkje å anbefala

Kristian Algrøy ved Sogn politidistrikt vil ikkje anbefala denne framgangsmåten i tida før oppkøyring. 

– Det er absolutt ikkje ein god praksis å køyra utan førarkort, sjølv om ein har gjennomført alt av køyreopplæring. På generelt grunnlag er det å køyra utan gyldig førarkort, litt det same som å skyta seg sjølv i foten, seier han.

No må føraren belage seg på eit par månadar ekstra venting før oppkøyring. 

– Ved å gjera det på den måten, vil føraren mest truleg bli ilagt sperrefrist, som resulterer i lenger ventetid før ein eventuell oppkøyring, seier Algrøy. 

Til toppen