Bles friskt i fjellet

Bles friskt i fjellet

Over Fv 50 Hol - Aurland kan det blir innført kolonnekøyring på kort varsel. Ellers er fjellovergangane i området er opne for trafikk.

Fv50 Hol - Aurland har snø og isdekke og til tider redusert sikt på grunn av snøfokk. Klokka 6 onsdag morgon meldte Statens vegvesen om stiv kuling. 

E16 Filefjell har snø og isdekke med snøføyke som kan gi redusert sikt. I morgontimane meldte Statens vegvesen om liten kuling. 

Over Rv52 Hemsedalsfjellet var det i morgontimane full storm og opphaldsvêr. 

Fv53 Tyin - Årdal vart opna for trafikk klokka 8.18 onsdag morgon. Statens vegvesen melder om sterk kuling og opphaldsvêr. 

Oppdaterte trafikkmeldingar finn på på Statens vegvesen

Har du tips? Send på e-post til tips@porten.no, på SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen