TIL ÅRDAL: The Largo med Alf Magne Hillestad (t.h.) bak trommene kjem på Haustrock første helga i november.
TIL ÅRDAL: The Largo med Alf Magne Hillestad (t.h.) bak trommene kjem på Haustrock første helga i november. (Bilde: Pressefoto)

Dei står på scena under Haustrock

Fire band står på scena på Bakeriet første helga i november når «Haustrock» gjer comeback. Mellom andre kjem Alf Magne Hillestad heim med sitt nye prosjekt «The Largo».

Årdal: – Me hadde lyst til å dra i gang «Haustrock» att for å få eit arrangement på hausten der me også kan visa fram banda som øver i Huginhuset. Det blir ikkje det same som Påskerock, men litt «à la». No når me også har ei slik flott rockescene i bygda, er det bra å få brukt den. Arrangementet er i samarbeid med Bakeriet, seier Frank Runar Øren, nestleiar i Hugin Musikkforum.

Haustrock går av stabelen 3. og 4. november med fire band i sving. Fredagen er det klart for GAR 15 beståande av Odd Tore Moen, Odd Sigmund Høl, Øyvind Lægreid, Hans Jørgen Røneid, Gunnstein Røneid og Kjetil Ellingsen.

– Bandnamnet står for «Golden Age of Rock 2015» ettersom dei starta opp til Påskerock for to år sidan, seier Øren.

Årdøl vender heim med nytt band

På plakaten fredag står også pop-rockbandet STUV, der Øren sjølv spelar saman med Bjørn Havro, Ørjan Lindborg, Ørjan Loftheim, Stephan Øren og Preben Lomheim.

Laurdag er det klart for Ketil Thorbjørnsen med band, som vel knappast treng nokon nærare presentasjon. I tillegg kjem Alf Magne Hillestad heim til Årdal med sitt nye prosjekt, «The Largo».

– Det ser eg verkeleg fram til. Me er eit såpass ferskt band dette blir ein av dei første konsertane me gjer. Særskild artig for meg blir det å spela på heimebane, så eg håpar det kjem mykje folk, seier Hillestad

Saman med Jan Ole Kristensen og Lars Isachsen Jemterud har han starta opp The Largo. 15 september er første single "Big Black Hole" ute og 28. september held trioen sleppkonsert på rockeklubben Krøsset i Oslo.

- Kult at Haustrock er i gang att

The Largo spelar hardtslåande riffbasert rock anno 2017, men hentar inspirasjon frå gamle storheiter som The Doors, via Led Zeppelin, heilt frem til nyare tid, der Queens Of The Stone Age og Rival Sons tek det videre.

- Me kjem til å spela berre eige materiale, for me skriv jo stadig og så blekket sprutar - me må ha noko å spela skal me få bookingar. No er me oppe i ti - elleve låtar. Det er kult at Haustrock er i gang att; Hugin gjer ein bra jobb, seier Hillestad.

Øren i Hugin tykkjer det er vanskeleg å seia noko om kor mange som kjem på «Haustrock».

– Det er lenge sidan sist me prøvde dette, men kunne me få 150 til 200 kvar kveld er me kjempenøgde. Me håpar jo at folk vil ut og høyra kva me har å tilby. Det er mykje aktivitet i Hugin no, og me har fleire konsertar i Kulturhuset framover, i tillegg til at me skal arrangera 20-årsjubileumet vårt over nyttår.

Til toppen