NY MOTSTAND: Årdal FK møter heilt ny motstand denne sesongen. Bli kjend med laga i 3. divisjon her. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY MOTSTAND: Årdal FK møter heilt ny motstand denne sesongen. Bli kjend med laga i 3. divisjon her. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Bli kjend med Årdal sine motstandarar i avdeling 3

Årdal Fotballklubb kunne juble då det i november vart klart at dei skal spele på Austlandet, men kven møter dei?

Årdal: Over 8000 kilometer i buss la spelarane i Årdal Fotballklubb bak seg førre sesong. Etter nokre år med vestlandsfotball i Hordaland og Møre og Romsdal, skal Sogndal 2, Kristiansund og Volda byttast ut med Lillestrøm 2, Jevnaker og Hallingdal.

Sistnemnde er Årdal sin første motstandar når sesongen vert sparka i gong laurdag ettermiddag på krøllgraset. 

Men kven er eigentleg Hauerseter, Gran og Aurskog-Høland? Porten.no har snakka med samtlege klubbar og bedt dei skildre seg sjølv. 

Aurskog-Høland

Trenar: Arne Henrik Vestreng

Stadion: Høland stadion kunstgress

Spelarar inn: Hans Christian Bergsjø

Spelarar ut: Jonas Hemmingbye

Første kamp i 2016: Gran (H)

Aurskog-Høland er eit nyopprykka lag frå 4. divisjon, der dei var det soleklart beste laget i si avdeling førre sesong. Då 26 kampar vart spelt, toppa dei tabellen med elleve poeng ned til Lørenskog 2. Trenaren seier i ein kort kommentar at spelestil vert lagt opp etter motstandar, at samtlege spelarar er viktige, og at ein skal spele kampen først, så telje poeng. Med andre ord: Dette blir eit ta-og-føle-på-lag.

Flisa

Trenar: Stian Aasen

Stadion: Flisa Stadion

Spelarar inn: Rene Eriksen, Espen Fjeld

Spelarar ut: David Molnberg, Marius Bekkemoen, Simen Midtsundstad, Kristoffer Sværk

Første kamp i 2016: Funnefoss/Vormsund (B)

Flisa kjem frå ein ganske god sesong i avdeling 9, der det blei ein 4. plass bak Tynset, Orkla og Lillehammer med ni poeng opp til Tynset. Flisa har ein offensiv spelestil, og siktar seg inn på topp 4-plassering også i år.

Funnefoss/Vormsund

Trenar: Ørjan Heiberg

Stadion: Funnefoss kunstgress

Spelarar inn: Adrian Hagerup, Ole Christian Moltzau, Hans Petter Rønningen, Otto Dahl, Oliver Nøvik

Spelarar ut: Sindre Berntsen, Robert Fjellvang, Henrik Paulsen, Magnus Thesen

Første kamp i 2016: Flisa (H)

Funnefoss/Vormsund blir sannsynlegvis eit lag å sjå opp for i avdeling 3. Laget er solid og har to 2. plassar på rad. Dei har også ein svært målfarleg spiss i Kim Brenna som scorte 33 mål i fjor på 26 kampar. Då er det kanskje ikkje så rart at ambisjonen er å vera med vidare i 3. divisjon, altså topp 4-plassering.

Gran

Trenar: Rune Kalleberg

Stadion: Sparebank1banen

Spelarar inn: Martin Olimb, Amund Sørumshagen, Henrik Hurum, Espen Parken Bakken, Arild Parken Bakken, Eirik Lismoen Andersen, Bård Skjørshammer Olsen

Spelarar ut: Kenneth Nygaard

Første kamp i 2016: Ullensaker/Kisa 2 (H)

Gran er eit litt uskildra blad. Dei er også eit av dei nyopprykka laga frå 4. divisjon, men sikra ikkje opprykk med like klar margin som Aurskog-Høland. Til slutt var det berre to poeng som skilte. Dei har henta inn ein del nye spelarar, så det blir garantert spennande å sjå korleis desse vil hevde seg i avdeling 3.

Hallingdal

Trenar: Jan-Erik Thorberg

Stadion: Gol kunstgress

Spelarar inn: Eivind Torpe Rullestad. Elles nye frå eigen stall.

Spelarar ut: Fredrik Garnås, Joachim Havikhagen, Chris Magnetun

Første kamp i 2016: Årdal FK (B)

Hallingdal er Årdal sin første motstandar denne sesongen. Dei kom på ein 7. plass i fjor med 32 poeng og er truleg eit jamngodt lag med årdølene. Laget er ungt, men dei unge har mykje erfaring og får mykje speletid. Dei slit med same utfordringa som Årdal FK, nemleg at ungdommen flyttar etter vidaregåande skule. Stammen i laget er det same som tok sølv på Norway Cup i fjor. 

I trenarteamet har dei mellom anna Pawel Kaczorowski, som har spelt i alle toppklubbar i Polen og har tolv landskampar. Han spelar fortsatt i ein alder av 42 år. Også Arek Bak, som har spelt i VM for Polen, er med i trenarteam. Ambisjonane til laget er ei topp 5-plassering.

Hauerseter

Trenar: Vegard Hokstad

Stadion: Nordkisa stadion kunstgress

Spelarar inn: Simen Blaker, Henrik Sørby, Magnus Mundal Johansen, Vegard Knudsen, Aleksander Beinov, Willy Zamble, Ibrahim Nassat

Spelarar ut: Christoffer Haugen, Jon Skogly Holt, Vemund Eggen Sæther, Tommy Sandstad, Stian Nygård

Første kamp i 2016: Lillestrøm 2 (H)

Hauerseter spelte i same avdeling som Funnefoss/Vormsund og Skedsmo i fjor – lag som også bli motstandarar i år. I den avdelinga kom dei bak begge desse på ein 4. plass med 49 poeng. Laget har ein klassisk spelestil i 4-4-2 og 4-5-1. Ambisjonen er å spele i 3. divisjon også neste år, og då kan Willy Zamble bli ein sentral spelar som skal sørge for det.

Jevnaker

Trenar: Fredrik Palerud Hansen

Stadion: Jevnaker stadion

Spelarar inn: Emil Alfredsen, Espen Aardalen, Simen Olsen, Merlin Wetter, Gudbrand Lunde, Ole Einar Rognved, Trym Vatne, Kenneth Andreassen, Fredrik Prestegård

Spelarar ut: 15 mann

Første kamp i 2016: Skedsmo (B)

Jevnaker er også eit lag som ut frå poeng kan samanliknast med Årdal FK. I fjor tok dei 31 poeng og kom på 8. plass i avdeling 3. Berre fem av dei som var med i fjor er att i klubben. Lag og klubb skal byggjast på nytt med unge lokale gutar og eit meir beskjedent budsjett. Ambisjonar om topp fem er difor heilt urealistisk.

Kongsvinger 2

Trenar: Goncalo Miguel Machadinho da Silva Pereira

Stadion: Gjemselund kunstgress

Spelarar inn: Ukjend

Spelarar ut: Ukjend

Første kamp i 2016: Ullensaker/Kisa 2 (B)

2. laget til Konsgvinger kom på ein 9. plass i avdeling 2 i fjor med 35 poeng. Med andre ord presterte dei på nivå med Årdal, men 2. lag er alltid vanskeleg å definere. Klubben har heller ikkje svart på førespurnadene frå Porten.no.

Lillestrøm 2

Trenar: Runar Kristinsson

Stadion: LSK-hallen

Spelarar inn: Ukjend

Spelarar ut: Ukjend

Første kamp i 2016: Hauerseter (B)

Nok ein 2. lag i denne avdelinga. Dette er jo trass alt 2. laget til eit Tippeliga-lag med lange tradisjonar på øvste nivå. Her har ein sjansen til å justere tropp ut frå motstandar, og det kan lett tenkjast at Lillestrøm ønskjer å ha eit lag i 3. divisjon også etter 2016 og dermed går for topp 4. 

Sander

Trenar: Knut Oddgeir Nordnes

Stadion: Sandermoen kunstgress

Spelarar inn: Joakim Ruud Lia, Ulrik Nygård, Jonas Lea, Dag Olav Bergersen, Gøran Brovold, Martin Pedersen

Spelarar ut: Petter Rønningen, Espen Flinkop, Fredrik Olsson

Første kamp i 2016: Valdres (B)

Sander er det siste av tre nyopprykka lag frå 4. divisjon. Klubben tok 41 poeng i fjor og har ambisjonar. Ifølgje Øyvind Nilsen skal dei forsøke å spele hurtig fotball langs bakken. Dei er eit lag som har alt å vinne, og spesielt på heimebane skal dei bli vanskelege å slå. Sjølv om dei er nyopprykka har dei hårete mål om å overleve i divisjonen.

Skedsmo

Trenar: Knut Aga jr.

Stadion: Skedsmo stadion kunstgress

Spelarar inn: Didrik Mostu, Gaute Olberg, Ludvig Benco, Mathias Duma, Peder Lohold Kristiansen

Spelarar ut: Lars Marius Jappée, Jonas Hausk, Fredrik Klem

Første kamp i 2016: Jevnaker (H)

Skedsmo blir nok laget å slå denne sesongen. Dette er definitivt ein av favorittane. Laget er spelande og gjennombrothissig, men samstundes kompakt bakover. Målet er topp 4, og med Didrik Mostu på topp er det fint mogleg. Spissen har faktisk sett seg mål om å score to per kamp denne sesongen, så blir det spennande å sjå om han klarar det. 

Ullensaker/Kisa 2

Trenar: Harald Fjeldberg

Stadion: Jessheim stadion

Spelarar inn: Ukjend

Spelarar ut: Ukjend

Første kamp i 2016: Kongsvinger 2 (H)

Det siste av tre 2. lag i avdelinga. Ullensaker/Kisa 2 avslutta førre sesong rett over nedrykksstreken, men med ganske god margin. Nok eit 2. lag som sikkert kan stille sterkt når det trengs.

Valdres

Trenar: Atle Johannessen

Stadion: Blåbærmyra kunstgress

Spelarar inn: Aidan Hawtin, Sam Humphreys, Raivo Varazinskis, Sebastian Stenqvist, Jonas Jørgensen, Dan Mönell

Spelarar ut: Kert Kutt, Haris Heremic

Første kamp i 2016: Sander (H)

Valdres skal også bli eit spennande lag å følgje med på. Målet er topp fire, og der vil dei nok klare å hevde seg. Har henta inn solide forsterkningar frå Oxford United mellom anna. Varazinskis er seriemeister i toppserien i Latvia, medan Stenqvist spelte i 1. divisjon for HamKam i 2014. Ein annan viktig spelar er Dan Mönell som er svensk landslagsspelar i futsal. I fjor putta han 20 mål og hadde 15 målgivande pasningar. Det luktar det svidd av. 

Til toppen