Sogndal: Tre blokker reiser seg ved Fjærlandsvegen, eit steinkast frå Høgskulebygget på motsett side av elva.
Dei har plass til 150 studentar, rommar atten leiligheiter og 126 hyblar fordelt på tjueein kollektiv med tilhøyrande fellesrom. Den formelle overtakinga skjer den 1. juli. Men allereie no blir dei første leiligheitene sett i stand.
– Vi har overteke den første blokka og er i full gong. No set våre folk inn møblar, vaskar ut og gjer klart. Så vi er i god rute, seier Randi Marie Sjøholt i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane.

Viktig tilskot til hybelmarknaden
Dei siste åra har det vore eit stort press på hybelmarknaden i Sogndal. Ventelistene har vore lange og enkelte studentar har i periodar måtta ty til både telt og sofaen til vennar. Dei nye bustadane kjem difor godt med.

– Vi har litt fleire søkarar på hyblar i år enn vi har hatt tidlegare. At vi då har fleire hyblar å tilby er heilt klart ein fordel. Vi ser at det vil bli færre på venteliste enn vanleg, seier Sjøholt.
Fristen for å søkje studentbustad har allereie gått ut. Som vanleg står dei ferskaste studentane først i køen i tildelinga. Det er dei som har minst erfaring i hybelmarknaden og difor treng mest hjelp.
– Men på grunn av dei nye studentbustadane kan vi i år tildele hyblar til både andre- og tredjeårstudentar, seier Sjøholt.
Hard kamp for å realisere prosjektet
Tre av leiligheitene er tilpassa studentar med handikapp, medan det er sett av seks leiligheiter til studentar med spesielle behov.

– Vi har erfart dei siste åra at det er ein del studentar som ønskjer små leiligheiter for seg sjølve. Det kan vere fordi dei har sosial angst, spiseforstyrringar, eller andre ting som gjer at dei ikkje ønskjer å vere i lag med andre heile tida. Det har vi tilpassa i dei seks leiligheitene, seier Sjøholt.
Det har vore ein kamp å få dei naudsynte pengane på plass for å realisere prosjektet. Utbygginga var rekna å koste 127 millionar kroner, då det i desember stod om 6,5 millionar kroner som kunne ha velta planane. Men Høgskulen valde å spytte inn den naudsynte summen og eit halvt år seinare står resultatet synleg.
– Det blir kjempeflott, både for studentane, samskipnaden og Sogndal. Det er bra å kunne ta imot studentane slik vi gjer med dei nye bustadane, seier Sjøholt.
